Simmerøyna er ei øy i Solund kommune i Vestland, mellom Nesøyna og Sula. Øya er veglaus og utan fast busetjing.
Kjeldene viser at det budde folk på Simmerøyna i 1668, men så må øya ha lege øde i mange tiår. Rundt midten av 1800-talet vart det igjen rydda ein husmannsplass på øya. Ved folketeljinga i 1900 budde det seks personar her.Folketeljing 1900 for Solund herred, frå Digitalarkivet Sidan 1939 har øya ikkje hatt fast busetjing.
Kjelder
Alf Steinsøy, Solund - Gards- og ættesoge til 1982, bd. II (Solund Sogenemnd, 1982)
Kategori:Øyar i Solund