Bram Som () er ein nederlandsk tidlegare mellomdistanseløpar som i 2006 vart europameister på 800 meter.
Som kom på sjetteplass på 800 meter i EM i friidrett 2002 i München. Han deltok i Sommar-OL 2004, men kom seg ikkje vidare frå semifinalane. Ein akilles-skade gjorde at han stod over 2005-sesongen. 13. august 2006 vann han gullmedaljen på 800 m under europameisterskapen i Göteborg. I Zürich tre dagar seinare sette han landsrekord på distansen med tida 1.43,45. Sidan var han tidvis plaga av skadar. I 2009-sesongen vart han sjuandemann i 800-metersfinalen ved verdsmeisterskapen i Berlin og han sprang på 1.43,59 i Rieti.
Som var nederlandsk meister på 800 meter i 2000, 2001, 2003, 2004, 2006 og 2010, samt på 1500 meter i 2009 og 2011.
Kjelder
Bram SOM | Profile | World Athletics Denne artikkelen bygger på «Bram Som» frå , den 4. september 2023.
Kategori:Europameistrar i friidrett for Nederland Kategori:Nederlandske friidrettsutøvarar Kategori:Mellomdistanseløparar Kategori:Nederlandske deltakarar under sommar-OL 2000 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2000 Kategori:Nederlandske deltakarar under sommar-OL 2004 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2001 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2007 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2009 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2011