Camryn Rogers () er ein kanadisk friidrettsutøvar som tevlar i kulestøyt, diskoskast og sleggjekast. Ho vart verdsmeister i sleggjekast under VM i friidrett 2023 i Budapest.
Rogers deltok i 2021 i dei olympiske leikane i Tokyo, der ho med sine 74,35 meter kom på femteplass i sleggje-tevlinga. Våren 2022 vart ho nordamerikansk collegemeister i sleggjekasting, deretter vann ho sølvmedaljen ved verdsmeisterskapen i Eugene med eit kast på 75,52 meter, Brooke Andersen frå USA sigra. Sidan kasta Rogers 74,08 m då ho gjekk til topps i samveldeleikane i Birmingham. I 2023 sette ho i mai personleg rekord i Los Angeles med 78,62 meter. Under verdsmeisterskapen i Budapest i august smekka ho til med 77,22 m i fyrste omgangen og tok gullmedaljen.
Kjelder
World Athletics Denne artikkelen bygger på «Camryn Rogers» frå , den 9. september 2023.
Kategori:Canadiske sleggekastarar Kategori:Verdsmeistrar i friidrett for Canada Kategori:Verdsmeistrar i sleggekast Kategori:Olympiske meistrar for Canada Kategori:Olympiske meistrar i sleggekast Kategori:Canadiske deltakarar under sommar-OL 2020 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2020 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2024 Kategori:Canadiske deltakarar under sommar-OL 2024 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2024 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2022 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2023