Liu Shiying () er ein kinesisk friidrettsutøver som tevlar i spjutkasting. I 2021 vart ho olympisk meister i øvinga, to år etter ho vann sølvmedaljen i verdsmeisterskapen 2019.
Karriere Liu vann i 2015 gullmedaljen i asiameisterskapen i Wuhan med 61,33 m. Året etter rauk ho ut i kvalifiseringa under Sommar-OL i Rio de Janeiro. Etter ein åttandeplass i London-VM 2017, kasta ho 66,09 m då ho i 2018 sigra ved asialeikane i Jakarta og viste landskvinna Lü Huihui til andreplass. I VM i friidrett 2019 i Doha tok Liu sølvmedaljen med eit kast på 65,88 m, australske Kelsey-Lee Barber vann tevlinga. Høgdepunktet kom då Liu med eit bestekast på 66,34 meter sikra seg den olympiske gullmedaljen i Tokyo sommaren 2021. Sidan enda ho på fjerdeplass i VM i friidrett 2022, og på sjetteplass i VM i friidrett 2023.
Kjelder
World Athletics Denne artikkelen bygger på «Liu Shiying» frå , den 10. september 2023.
Kategori:Kinesiske spydkastarar Kategori:Verdsmeistrar i friidrett for Kina Kategori:Olympiske meistrar for Kina Kategori:Kinesiske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2020 Kategori:Kinesiske deltakarar under sommar-OL 2020 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2020