Nina Kennedy () er ein australsk friidrettsutøvar som i 2023 vart verdsmeister i stavhopp under VM i friidrett 2023 i Budapest, då ho og Katie Moon frå USA vart samde om å dele fyrsteplassen.

Karriere Våren 2021 sette Kennedy personleg rekord med 4,82 meter, men ho var langt unna å kvalifisere seg til OL-finalen i Tokyo. Eitt år seinare vann ho bronsemedaljen i stav-tevlinga med eit hopp på 4,80 m då VM i friidrett 2022 vart avvikla i Eugene. Under verdsmeisterskapen i Budapest i august 2023 gjekk ho og Katie Moon over 4,90 meter i tredje forsøk, begge hadde i tillegg eit riv på lågare høgder. Etter både Kennedy og Moon hadde rive tre gongar på 4,95 m, vart dei samde om å avslutte tevlinga og sikra seg slik kvar si gullmedalje. Sju dagar etter VM-finalen, 30. august 2023, forbetra Kennedy sin australske rekord til 4,91 meter då ho sigra i eit DL-stemne i Zürich.

Kennedy tok gull under sommar-OL 2024 i Paris.

Kjelder

World Athletics Denne artikkelen bygger på «Nina Kennedy» frå , den 11. september 2023.

Kategori:Australske stavhopparar Kategori:Verdsmeistrar i friidrett for Australia Kategori:Olympiske meistrar for Australia Kategori:Australske deltakarar under sommar-OL 2020 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2020 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2024 Kategori:Australske deltakarar under sommar-OL 2024 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2024 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2022 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2023