Ernesto Canto Gudiño () var ein meksikansk kappgjengar som vart verdsmeister på 20 kilometer i 1983 og olympisk meister i 1984.
Karriere Canto vann i 1981 20 km kappgang i IAAF-verdscupen. Ved verdsmeisterskapen i Helsinki i 1983 rykte han frå tetgruppa etter 15 km og sikra seg gullmedaljen med ein margin på 10 sekund til andremann. Kort tid etter sigra han også i panamerikaleikane i Caracas. Under dei olympiske leikane 1984 i Los Angeles tok han gullmedaljen på 20 km etter ein iherdig kamp mot landsmannen Raúl González (sølv) og italienske Maurizio Damilano (bronse). Sidan vart han diskvalifisert i VM i friidrett 1987 og i Sommar-OL 1988. Han steig av idretten etter å ha vort nummer 29 i Barcelona-OL 1992.
Canto døydde av kreft i bukspyttkjertelen og levra.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Ernesto Canto» frå , den 23. september 2023.
World Athletics
Kategori:Meksikanske kappgjengarar Kategori:Verdsmeistrar i friidrett for Mexico Kategori:Olympiske meistrar for Mexico Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1984 Kategori:Meksikanske deltakarar under sommar-OL 1984 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1984 Kategori:Meksikanske deltakarar under sommar-OL 1988 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1988 Kategori:Meksikanske deltakarar under sommar-OL 1992 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1992 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 1983