Mâliâraq Vebæk (fødd Marie (Mâliâraq) Athalie Kitura (Qituraq) Kleist, ) var ein grønlandsk forfattar og lærar.Vebæk, Mâliâraq | Inuit Literatures ᐃᓄᐃᑦ ᐊᓪᓚᒍᓯᖏᑦ Littératures inuites
Liv Vebæk var fødd i 1917 i Narsarmijit (då Frederiksdal). Foreldra hennar var Hans Hoseas Josva Kleist og Bolette Marie Ingeborg Chemnitz, og både faren og morfaren var prestar. Far hennar var også politisk aktiv og sat i kommunerådet i Nanortalik kommune og i Grønlands Landsråd. Ho gifta seg med arkeologen C.L. Vebæk i 1945, og dei fekk to barn i lag.
I 1932 blei det oppretta ein efterskole (vidareuddanning etter folkeskolen) for jenter i Aasiaat. Her kom ho inn, og sjølv om det var ein "eliteskule", gjekk ho ut som den beste eleven i årgangen sin, medrekna den tilsvarande etterskulen for guttar. Takka vera dette fekk ho av tilbod av Komiteen for Grønlænderinders Utdaning om vidareutdanning i Danmark. I 1939 tog ho lærareksamen frå Th. Langs Seminarium i Silkeborg, og flytta så tilbake til Grønland.
Etter 2. verdskrigen flytta ho og ektemannen til Danmark, men ho var fleire gongar tilbake på Grønland etterflyttinga. Både ho og ektemannen forska på den munnlege forteljartraditionen på Grønland, og ho samla eit omfattande materiale som blei formidla i bøker og artiklar i avis og tidsskrift. Ho arbeidde òg som tolk og for Grønlands Radio. Gjennomgåande motiv i forfattarskapen hennar er den grønlandske identiteten i eit samfunn som er i rask utvikling, og den grønlandske kvinna, som ho som den fyrste gjev ei stemme i litteraturen. Dei to motiva er særleg avspegla i hennar Historien om Katrine og etterfølgjaren Tretten år efter. Den fyrste er i tillegg til å koma ut på grønlandsk også kome ut på dansk og russisk. Dei siste åra av til livet til forfattaren gjekk med å skriva ned og redigera den store mengda bandopptak av sørgrønlandsk folklore, som er kome ut på grønlandsk og dansk i heilskap. Ein versjon av historia om eit besøk hjå Havmora er omsett til dansk, engelsk og nederlandsk.
Dei siste åra av livet budde ho i Søborg, litt utanfor København. Det var her ho døydde.
Ho er gravlagd på Gladsaxe kyrkjegard.
Bibliografi (utval)
1981 – Búsime nâpíneĸ (den første grønlandske roman, som er skrevet af en kvinde): Bussimi naapinneq 1982 – Historien om Katrine – samme bog på dansk 1988 - История Катрины - samme på russisk I : ; 1982 - Drømmen om det store hvide hus. I: Information. - 2. okt. 1982 1988 - Мечта о большом белом доме samme på russisk I : ; 1983 – Niperujûtit, - sangbog 1990 – Navaranaaq og de andre 1996 – Navaranaaq allallu – samme på grønlandsk 1992 – Ukiut trettenit qaangiummata, - en opfølger til Búsime nâpineĸ: Ukiut trettenit qaaniummata 1997 – Tretten år efter – samme på dansk 1995 – Sassuma Arnaanut pulaarneq, børnebog 1995 – Besøg hos havets moder – samme på dansk 1999 - A journey to the Mother of the Sea - samme på engelsk 1999 - Bezoek aan de Moeder van de Zee : een traditionell verhaal uit Zuid-Groenland - samme på nederlandsk 2001 - Tusarn! : kujataamiut unikkaartuaat unikkaaluilu 2001 - Tusarn! : sydgrønlandske fortællinger - samme i dansk oversættelse 2006 The southernmost people of Greenland : dialects and memories.;
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Mâliâraq Vebæk» frå , den 23. september 2023.
Mâliâraq Vebæk biografi på inuit.uqam.ca
Kategori:Barnebokforfattarar Kategori:Grønlandske forfattarar Kategori:Grønlandsk folkeminne