Knut Jonsson Nerheim () var ein norsk gardbrukar og politikar frå Tresfjord i Romsdal.

Nerheim tok over Jogarden på Nerem i Tresfjord etter far sin. Trass i at han ikkje hadde anna formell utdanning enn folkeskule, fekk han mange tillitsverv i heimbygda og Romsdal. Såleis var han formann i det kommunale elektrisitetsverket og i forliksrådet, styreformann i Vestnes Sparebank, samt medlem i ymse representantskap og styre. I tida 1905 til 1919 var han medlem i Tresfjord heradsstyre, ordførar i treåsperioden 1914-16. Etter stortingsvalet 1917 var han varamann for Iver A.R. Ræstad, møtte såleis på Stortinget i ein del av 1920-sesjonen. På ny heradsstyremedlem 1925-27.

Kjelder

Sunnmørsposten 1. november 1927

Kategori:Stortingsrepresentantar 1919-1921 Kategori:Stortingsrepresentantar frå Venstre Kategori:Stortingsrepresentantar for Romsdals amt Kategori:Stortingsrepresentantar for Møre og Romsdal Kategori:Vararepresentantar til Stortinget Kategori:Norske gardbrukarar Kategori:Ordførarar i Tresfjord Kategori:Venstreordførarar i Møre og Romsdal Kategori:Norske gardbrukarar Kategori:Folk frå Vestnes