Feministisk initiativ (forkorta FI-Norge eller F!) er eit norsk politisk parti som baserer seg på feminisme.
Feministisk initiativ blei stifta 23. mars 2015 i Bergen etter inspirasjon frå arbeidet til Feministiskt initiativ i Sverige. Partiet definerer seg sjølv som blokkuavhengigGjesteblogger: Feministene kommer! Om hvorfor det trengs et feministisk parti i Norge, Maddam, 26. mars 2015, besøkt 24. mars 2023. og omtalar seg som eit feministisk parti som arbeidar for likestilling, og mot all form for undertrykking og diskriminering av kvinner.
Feministisk initiativ stilte lister til kommune- og fylkestingsvala i 2015 (Bergen/Hordaland og Oslo) og 2019 (Oslo), men fekk ikkje inn nokon representantar. Under Stortingsvalet 2017 fekk partiet 696 røyster, og blei ikkje representert på Stortinget. Partiet stilte igjen ved Stortingsvalet 2021, der det mottok 275 røyster.
Styre Talsperson for Feministisk initiativ i 2017 var Cathrine Linn Kristiansen i Oslo og Sunniva Schultze-Florey i Bergen. Begge var då fyrstekandidat på kvar si valliste.
Ved årsmøtet 30. april 2022 valde Feministisk initiativ å gå over til hierarkisk styre. Partiet valde samstundes å spisse politikken sin endå meir retta for kvinner i nytt partiprogram for 2022–2023.
Per mars 2023 er leiar og talsperson for Feministisk initiativ Jannicke Unsgaard, og nestleiar er Silje Olsen. Partisekretær for partiet er Ulla Lise Johansen.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Feministisk initiativ» frå , den 6. oktober 2023.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Feminisme Kategori:Identitetspolitiske parti Kategori:Norske politiske parti Kategori:Politiske parti skipa i 2015 Kategori:2015 i Noreg