Tore Ludvik Jensson Vaksvik () var ein gardbrukar og politikar frå Vaksvik i Ørskog kommune. Han møtte på Stortinget i 1917 og var ordførar 1923–1934 i Ørskog.
Vaksvik dreiv farsgarden Jensgarden i Vaksvik frå 1900 til 1941. Vinterstida i fiskja arbeidde han på tranbrenneri. Han var medlem av heradsstyret i Ørskog frå 1902 til 1934, siste tolv åra var han ordførar i kommunen. Tingbolken 1916–1918 var han varamann for stortingsmann Knut O. Otterlei, vald frå einmannskrinsen Nøre Sunnmøre. Hausten 1917 møtte Vaksvik på Stortinget i staden for Otterlei. Dei representerte partiet Venstre.
Kjelder
Ørskog gjennom tidene 2. 1969
Kategori:Stortingsrepresentantar 1916-1918 Kategori:Stortingsrepresentantar frå Venstre Kategori:Stortingsrepresentantar for Romsdals amt Kategori:Vararepresentantar til Stortinget Kategori:Ordførarar i Ørskog Kategori:Venstreordførarar i Møre og Romsdal Kategori:Norske gardbrukarar Kategori:Folk frå Ørskog