mini|Bamilekefolk i Vest-Kamerun som dansar den tradisjonelle dansen nte. Bamileke er ei av dei største folkegruppene i Kamerun. Det opphavlege heimlandet deira var på savannen og i fjellsidene i vestre Kamerun, der dei dyrka mais, kolanøtt og kaffi. Høg folketettleik har likevel ført til at mange er blitt tvinga til å forlata landsbygda. I byar som Douala og Yaoundé driv dei mellom anna med transport, handel, bar- og hotellaktivitet. Dei er òg kjende som dyktige handverkarar (treskjering, veving, tekstilfarging og perlearbeid). Den økonomiske verksemda deira har av og til forårsaka konfliktar med andre folkegrupper i byane.
Opphavleg var bamilekefolk organiserte i rundt 90 høvdingdøme som kvart var leia av ein fo (høvding). Namnet «bamileke» blir no nytta om alle dei som inngjekk i desse høvdingdøma, inklusive bamendafolket, og alle snakkar nærskylde bantuspråk. Ifølge tal frå 2023 omfattar dei kring 3,5 millionar menneske.
Størstedelen av befolkninga følgjer ein tradisjonell religion som inkluderer forfedredyrking, sjølv om ein del har konvertert til islam eller kristendom.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Bamileke» frå , den 14. oktober 2023.
Kategori:Bantufolk Kategori:Kamerunarar