Arthur Thaulow Goberg () var ein norsk fotballspelar frå Skien. Han vann 1919-31 fem kongepokalar i fotball med Odds Ballklubb og spelte 1924-31 i 25 av Noregs landskampar. Han var sideback, «en glimrende hodespiller med et usedvanlig blikk for selve spillet, hurtig, hard og kontant».Østlandsposten 2. mai 1957

Karriere Klubbspel Goberg var aktiv i Storms Ballklubb før han i 1918 melde overgang til byrivalen Odd. Gjennom 17 sesongar fram til 1934 var han med på å verte cupmeister med Odd åra 1919, 1922, 1924, 1926 og 1931. I NM-finalen 1921 vart det tap mot SK Frigg.

Landslagsspel Goberg tok i 1924 over som venstreback på landslaget etter Per Skou. Fram til 1931 spelte han i 25 av Noregs 34 landskampar i perioden. Han spelte alle tre kampane då Noreg vart nordisk meister 1929 etter sigrar over Finland, Sverige og Danmark. Goberg bidrog samstundes til at Noreg sikra seg den nordiske Gullpokalen 1929-32, den fyrste pokalen i sitt slag.

Merittar Nordisk meister: 1929 for Noreg Vinnar av Gullpokalen: 1929-32 for Noreg Noregsmeister: 1919, 1922, 1924, 1926 og 1931 med Odd BK

Kjelder

eu-football

Kategori:Norske fotballspelarar Kategori:Folk frå Skien