Enzym er enkle eller samansette protein som fortnar kjemiske prosessar, særleg i levande vesen, utan sjølv å bli påverka. Enzym speler ei avgjerande rolle i livsprosessane. Nesten alle celleprosessane treng enzym for å kunna gå føre seg i det omfanget som trengst.
Namnet enzym tyder eigentleg «i gjær», men blir i dag brukt om biologiske katalysatorar i alle slags organismar.
Ofte kan ein lavmolekylær del, koenzymet, skiljast frå ein proteindel, apoenzymet, og desse utgjer saman i laus sambinding det aktive enzymet. Ein skil mellom tre hovudgrupper av enzym:
Spaltande, som spaltar under medverknad av vatn og fosforsyre. Transporterande, som overfører oksygen, hydrogen eller elektron Isomerasar, som omdannar ein isomer til ein annan.
Sjå òg Katalysator
Kategori:Biomolekyl Kategori:Katalyse Kategori:Stoffskiftet Kategori:Prosesskjemikal