Thorleif Werner Olsen () var ein fotballspelar frå Oslo. Han var vinghalf på Vålerengen sitt fotball-lag frå etter verdskrigen til 1963. Over ein femårsperiode spelte han 34 landskampar for Noreg. «Toffa» Olsen var «en utrettelig sliter som aldri ga opp en ball».Breili M. (1967), s. 94
Karriere Klubbspel Olsen var fast på Vålereng-laget i 18 sesongar. Frå Hovudserien kom i gong 1948, deltok han i 146 toppserie-kampar til arvtakaren 1. divisjon vart avslutta hausten 1963. Laget beste prestasjon kom allereie i 1948/49-sesongen, då Vålerengen vann A-avdelinga i Hovudserien. I seriefinalane mot Fredrikstad FK vart det tap både heime og borte. I NM-cupen kom ikkje Olsen og Vålerengen nokon gong forbi semifinalane. Han var 41 år og 332 dagar gammal då han i oktober 1963 på Brann stadion ikkje klarte hindre SK Brann verte seriemeister. Sidan har ingen i spelt kamp i norsk toppserie i høgare alder.
Landslagsspel Frå november 1950 til september 1955 spelte Olsen 34 kampar for Noregs landslag. Han var med då Noreg tapte OL-kampen mot Sverige i Tampere 21. juli 1952.
Merittar Andreplass i Hovudserien: 1948/49 med Vålerengen IF
Kjelder Breili, M. (1967). Fotballboken. Oslo: Ch. Schibsteds Forlag. Thorleif Olsen på eu-Football.info. Henta 24. oktober 2023.
Fotnotar
Kategori:Norske landslagsspelarar i fotball Kategori:Vålerenga-spelarar