Oscar Moe () var ein norsk prest og kyrkjehistorikar frå Holmestrand.

Far til Moe var skomakarmeister. Sjølv gjekk han borgarskulen i Holmestrand for å verte handelsmann. Seinare byrja han studere og vart cand.theol. i 1871. Etter å ha arbeidd som lærar på Kongsberg, fekk han i 1873 stilling som kallskapellan i Modum.

Frå 1880 til 1916 var Moe sokneprest i Kampen i Kristiania. Jamsides med prestegjerninga dreiv Moe på med vitskapelege studiar, særleg med kyrkjehistorie. Han omsette Augustin si tekst «Om Guds Stat» til bokserien Vidnesbyrd af Kirkefædrene.

Oscar Moe var far til teologen Olaf Edvard Moe.

Kjelder Norsk Allkunnebok. VIII. bandet. 1958

Kategori:Norske prestar Kategori:Norske historikarar