Ludovic Orban () er ein rumensk ingeniør og politikar for Partidul Național Liberal. Han blei vald til statsminister av Romania 4. november 2019 av det rumenske parlamentet. 5. februar 2020 tapte han eit mistillitsvotum i parlamentet og måtte gå av som regjeringssjef.

Liv og karriere Faren til Orban var ungarsk og mora hans rumensk. Han er gift og har ein son, og talar flytande fransk og engelsk. Broren hans, Leonard Orban, var europakommissær i Barroso-kommisjonen. Orban er ikkje i slekt med den ungarske statsministeren Viktor Orbán.

Valet i 2019 var eit resultat av eit mistillitsvotum mot Viorica Dăncilă. Orban blei vald med 240 røyster og regjeringa til Viorica Dăncilă blei dimed avsett. Fleire av parlamentsmedlemmane avstod frå å røyste slik at regjeringa til Orban i realiteten blei ei mindretalsregjering. Han blei den 16. statsministeren i Romania sidan 1989, og den tolvte dei siste fem åra før oppnemninga si.

Det rumenske parlamentet behandla 5. februar 2020 eit forslag til valreform og Orban sette stillinga si inn på avrøystinga. Han tapte avrøystinga då 261 av 465 røysta mot forslaget hans. Det var venta eit nyval sommaren 2020.

I november 2021 blei Orban ekskludert frå PNL.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Ludovic Orban» frå , den 30. oktober 2023.

Kategori:Rumenske politikarar Kategori:Statsministrar i Romania