Svetlana Vasiljevna Khorkina () er ein russisk tidlegare turnar frå Belgorod. Ho var tre gongar verdsmeister i mangekamp og like mange gongar europameister. Khorkina er ein av dei mest suksessrike kvinne-turnarane.
Khorkina deltok i dei olympiske sommarleikane i 1996, 2000 og 2004, tok i alt sju OL-medaljar. I 1996 vart ho olympisk meister i skranke, ein meistertittel ho forsvarte i 2000. Åra frå 1994 til 2003 sanka ho tjue medaljar i verdsmeisterskap, sigra i mangekampen i 1997, 2001 og 2003. Ho vann elles fem VM-gull i skranke-øvinga og eitt i hopp. Over åra tok ho VM-medalje i kvar av dei fire øvingane. Perioden 1994-2004 sikra ho seg tretten gullmedaljar, fem sølvmedaljar og to bronsemedaljar ved europameisterskapane. Såleis triumferte ho åra 1998, 2000 og 2002 i mangekampen.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Svetlana Khorkina» frå , den 12. november 2023.
Kategori:Russiske turnarar Kategori:Verdsmeistrar i turn Kategori:Europameistrar i turn Kategori:Olympiske meistrar for Russland Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Russland Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Russland Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1996 Kategori:Russiske deltakarar under sommar-OL 1996 Kategori:Gymnastar under sommar-OL 1996 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2000 Kategori:Russiske deltakarar under sommar-OL 2000 Kategori:Gymnastar under sommar-OL 2000 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2004 Kategori:Russiske deltakarar under sommar-OL 2004 Kategori:Gymnastar under sommar-OL 2004 Kategori:Folk frå Belgorod