mini|Barnesete som snur attover. Barnesete er eit sete tilpassa born som skal transporterast i ei fargreie. Dei skal verna borna ved bråstopp og kollisjon, og elles sikra at dei sit godt i fargreia. Slike sete er vanlege i bil og til sykkel, men ein kan også ha barnesete i fly, buss og hestekjerre.
For bilsete for barn finst det fleire utformingar, og det er utvikla ulike standardar. Seta kan anten festast med setebelte eller med eit standardisert spesialfeste kalla «ISO-fix».
For små born er det rekna som best å plassera barnesetet mot køyreretninga, ettersom hovuda deira er svært tunge i høve til resten av kroppen, og derfor har mindre risiko for skade om dei sitt attovervendt.
Barnesete kan plasserast i baksetet, eller i framsetet dersom dette er trygt, til dømes utan verksam kollisjonspute, og ikkje er til hinder for sikta til føraren. Attovervende barnesete kan nyttast fram til borna er 125 cm høge. Framovervendte beltestolar kan nyttast fram til dei er 150 cm høge.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Tryggingsutstyr Kategori:Transporttryggleik