Kleve er ein by og ein kommune vest i forbundslandet Nordrhein-Westfalen i Tyskland. Byen grensar i vest mot Nederland. Kommunen omfattar 97,8 km², med eit folketal på over 53 000. Byen ligg på sørsida av elva Rhinen.

Kleve fekk byrettar i 1242 og var i mellomalderen og tidleg nytid ein viktig by i området kring Rhinen, sentral i det dåverande hertugdømet Kleve. Frå 1648 ein enklave under Preussen. I dag hyser byen administrasjonen for Landkreis Kleve.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Kleef (stad)» frå , den 20. november 2023.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i Nordrhein-Westfalen