«We Are One» (norsk omsetjing ‘vi er ein/eit’) er ein popsong frå 2023 med det irske bandet Wild Youth. Songen var det irske bidraget i Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool i Storbritannia.
Om songen Bandmedlemmane Conor O'Donohoe og Ed Porter skreiv «We Are One» i Sverige saman med den svenske Grammy-nominerte låtskrivaren Jörgen Elofsson.
Teksta handlar om tema som livet, samhald og fridom. Frontfigur O'Donohoe seier låten er inspirert av Eurovision Song Contest, blant anna av korleis tevlinga sameiner menneske.
Wild Youth sende «We Are One» til den irske uttakinga til Eurovision Song Contest og blei plukka ut til å delta i den irske finalen fredag 3. februar 2023. Der vant dei til slutt tevlinga og fekk representere Irland i Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool. Låten deltok i den fyrste semifinalen tysdag 9. mai 2023. Der blei han nummer 12 av 15 bidrag og kvalifiserte seg ikkje til finalen laurdag 13. mai.
Listeplasseringar Liste (2023)Høgasteplassering (IRMA)93 Airplay7
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «We Are One (Wild Youth-sang)» frå , den 2. desember 2023.
Kategori:Irske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Eurovision Song Contest 2023-songar Kategori:Engelskspråklege Eurovision Song Contest-songar