Charles Émile Waldteufel () var ein fransk pianist, dirigent og komponist som var kjent for sine mange populære salongstykke.

Liv og virke Émile Waldteufel blei fødd i 84 Grand'Rue i sentrum av Strasbourg. Faren og farfaren hans var begge musikarar; mora hans, Flora Neubauer, som var frå Bayern, hadde vore student av Hummel og hadde møtt Haydn; ho var òg ein dugande songar og dansar.Hering, Pierre. Emile Waldteufel (1837-1915). I: La Musique en Alsace hier et aujourd'hui (Strasbourg: Librairie Istra, 1970, p. 157–162. Familien stamma frå ein jødisk alsassisk musikarfamilie,Jewish Songwriters and Composers, jinfo.org.Jews in Music, commentary by Dr Gerhard Falk. og det opphavlege etternamnet hans hadde vore Lévy. Faren Louis leidde eit respektert orkester, og broren Léon var ein suksessrik utøvar. Då Léon vann ein plass til å studere fiolin ved Conservatoire de Paris, følgde familien han dit.

Waldteufel fekk den fyrste musikkopplæringa si frå faren og den lokale musikaren Joseph Heyberger. Etter at han kom til Paris kunne han studera under Laurent på Conservatoire de Paris, følgd av avanserte studiar under Marmontel. Ein av medstudentane hans var Jules Massenet.

Den unge Émile var nøydd til å avbryta studiane sine og arbeida ved pianofabrikan Scholtus på grunn av den økonomiske situasjonen til familien, men leigde snart eit rom i rue de Bellefond for å konsentrere seg om å komponera. I tida hans ved konservatoriet blei orkesteret til Louis Waldteufel kjent i Paris, og Émile blei ofte invitert til å spela med det i samband med viktige arrangement.

Då han var 27 år, blei Waldteufel hoffpianist for keisarinne Eugénie. Han leidde òg orkestera på statsball. Etter at Napoleon III tilsette han som musikkdirektør for balla deltok han i arrangement i Biarritz og Compiègne; på sistnemnde møtte han mange andre musikarar og kunstnarar og akkompagnerte også keisaren på fiolin.

I 1868 gifta han seg med Célestine Dufau, ein tidlegare songar frå Toulouse som hadde opptredd ved Opéra-Comique. Paret fekk tre born: Louis René, Émile René og Berthe.

Då den fransk-prøyssiske krigen braut ut i 1870, verva Waldteufel seg og blei stasjonert i Basses-Pyrénées. Etter at Frankrike leid nederlag blei det andre franske keisarriket oppløyst, og heimstaden til Waldteufel blei ein del av Tyskland resten av livet hans. Etter keisartida spelte orkesteret framleis på presidentball ved Élysée-palasset. På denne tida kjente berre få medlemmar av den franske overklassen om Waldteufel; han var nesten 40 før han blei meir kjent.

I oktober 1874 spelte Waldteufel ved ei tilstelling der prinsen av Wales, den framtidige kong Edvard VII av Storbritannia, var til stades. Prinsen var begeistra over Manolo-valsen til Waldteufel, og ønskte å gjera musikken hans kjent i heimlandet. Det følgde ein kontrakt med musikkforlaget Hopwood & Crew i London. Ein av eigarane til forlaget var Charles Coote, leiaren av Coote & Tinney's Band, det fyrste danseorkesteret i London. Etterkvart blei musikken til Waldteufel framført i Buckingham Palace for dronning Victoria. Waldteufel blei ein viktig del av musikklivet i London, og blei kjend verda over. På denne tida skreiv han nokre av dei best kjende verka sine. Han blei best kjend for valsen «Les Patineurs» (‘Skeiseløparane’), skriven i 1882.

Waldteufel heldt konsertar i fleire europeiske byar, inkludert London i 1885, Berlin i 1889 (der han hadde ein vennleg rivalitet med Johann Strauss), og Paris Opéra-balla i 1890 og 1891. Han heldt fram med karrieren som dirigent og komponist av dansemusikk for presidentball fram til han pensjonerte seg i 1899.

Waldteufel døydde heime i 37 rue Saint-Georges i Paris, 77 år gammal. Han og kona hans, som hadde døydde året før, blei gravlagde i Père Lachaise.

Verk

Med opusnummer mini|Les Sirènes i ei trekkspelinnspeling av Pietro Deiro frå 1910. Kamiesch, marsj, Op. 5 Myosotis, vals (Vergissmeinnicht), Op. 101 Jean qui pleure et Jean qui rit, polka burlesque, Op. 106 Bella, polka-masurka, Op. 113 (1867) Dans les bois, polka-masurka, Op. 119 Les Lointains, vals, Op. 121 Mellow vals, Op. 123 (1866) Carolinen, polka, Op. 124 Dans les champs, polka-masurka, Op. 125 (1868) Madeleine, vals, Op. 126 Desirée, polka-masurka, Op. 132 Térésa (also Antoinette), vals, Op. 133 (1864) Joujou-Polka, Op. 135 Manolo, vals, Op. 140 (1874?) Roses et marguerites, vals, Op. 141 Tout à vous, vals, Op. 142 (1875) Bien-aimés vals, Op. 143 (1875) Entre nous vals, Op. 144 (1876) Flots de joie, vals, Op. 145 (1875) Grand vitesse, galop, Op. 146 (1876) Violettes vals, Op. 148 (1876) Au revoir, vals, Op.149 (1876) A toi, vals, Op. 150 Mon rêve, vals, Op. 151 (1877) Prestissimo, galopp, Op. 152 (1877) Hommage aux dames, vals, Op. 153 Les Sirènes, vals, Op. 154 (1878) Pomona vals, Op. 155 (1877) Toujours ou jamais, vals, Op. 156 (1877) Les Folies, polka, Op. 157 (1878) Très jolie, vals, Op. 159 (1878) Pluie de diamants, vals, Op. 160 (1879) La Berceuse, vals, Op. 161 Brune ou blonde, vals, Op. 162 (1878) Bonne bouche (også Bella bocca), polka, Op. 163 (1879) Gaîté vals, Op. 164 (1878) Ma charmante vals, Op. 166 (1879) Autres fois, vals, Op. 167 Minuit, polka, Op. 168 Toujours fidèle, vals, Op. 169 (1879) Dolores vals, Op. 170 (1880) Chantilly, vals, Op. 171 (1880) Solitude, vals, Op. 174 (1881) Jeunesse dorée, vals, Op. 175 (1881) Je t'aime, vals, Op. 177 (1882) La Barcarolle, vals, Op. 178 (1882) Naples, vals, Op. 179 La Source, vals, Op. 180 (1882) Trictrac, polka, Op. 181 L'Esprit français, polka, Op. 182 (1882) Les Patineurs, vals, Op. 183 (1882) Mariana, vals, Op. 185 Les Sourires, vals, Op. 187 (1883) Soirée d'été, vals, Op. 188 (1883) En Garde!, militær polka, Op. 189 Les Fleurs, vals, Op. 190 (1883) Estudiantina, vals, Op. 191 (1883) (arrangement av Paul Lacome sin Duos) Près de toi, vals, Op. 193 Nid d'amour, vals, Op. 195 Jeux d'esprit, polka, Op. 196 Camarade, polka, Op. 197 Joie envolée, vals, Op. 198 Trésor d'amour, vals, Op. 199 (1885) Tout en rose, vals, Op. 200 (1885) Un premier bouquet, vals, Op. 201 (1885) Rêverie, vals, Op. 202 (1885) Retour des champs, polka, Op. 203 (1885) Illusion, vals, Op. 204 Ma Voisine, polka, Op. 206 (1886) The Grenadiers, militær vals, Op. 207 Dans les nuages, vals, Op. 208 (1886) Idylle, vals, Op. 209 Tendres baisers, vals, Op. 211 La Cinquantaine, polka, Op. 215 (1886) Les Bohémiens, polka, Op. 216 (1887) Tendresse, vals, Op. 217 Coquetterie, vals, Op. 218 (1887) Tout ou rien, polka, Op. 219 (1887) Acclamations, vals, Op. 223 (1888) Papillons bleus, vals, Op. 224 Château en Espagne, polka, Op. 225 (1888) Dans tes yeux, vals, Op. 227 Hébé, vals, Op. 228 (1888) Etincelles, vals, Op. 229 Roses de Noël, vals, Op. 230 (1889) Rococo-Polka, Op. 232 (1888) Bagatelle, polka, Op. 233 Sur la plage, vals, Op. 234 Vision, vals, Op. 235 (1888) España, vals, Op. 236 (1886) (etter Chabrier) L'Étoile polaire, vals, Op. 238 Par-ci, par-là, polka, Op. 239 (1883) Tout-Paris, vals, Op. 240 (1889) Ange d'amour, vals, Op. 241 (1889) Nuée d'oiseaux, polka, Op. 243 (1890) Retour de printemps, vals, Op. 244 Invitation à la gavotte, Op. 246 (1891) Fontaine lumineuse, vals, Op. 247 (1891) Zig-zag, polka, Op. 248 (1891) Sous la voûte étoilée, vals, Op. 253 (1892) Souveraine, masurka, Op. 255 (1893)

Utan opusnummer Amour et printemps, vals (1880) Fleurs et baisers, vals (1904) Béobile, pizzicato (1908?) La Fauvette du temple, vals (1885, etter Messager)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Émile Waldteufel» frå , den 3. desember 2023.

Kategori:Gravlagde ved Père Lachaise Kategori:Franske komponistar Kategori:Komponistar frå 1800-talet