«My Sister's Crown» (norsk omsetjing: ‘krona til systera mi’) er ein song frå 2023 med det tsjekkiske folkbandet Vesna. Låten var det tsjekkiske bidraget til Eurovision Song Contest 2023, der han enda på tiandeplass.

Om songen «My Sister’s Crown» er skriven av bandet sjølv og har tekst på fleire språk: tsjekkisk, engelsk og refreng på ukrainsk og bulgarsk. Ifølgje frontfigur Patricie Kaňok Fuxová handlar songen om systerskap og retter kritikk mot kjønnsskilnader og diskriminering av kvinner.

Eurovision Song Contest (2023) I januar 2023 blei Vesna og «My Sister’s Crown» kunngjorde som eit av bidraga i ESCZ 2023, den tsjekkiske uttakinga til Eurovision Song Contest 2023. Resultatet blei avslørt 7. februar 2023, og «My Sister's Crown» vann klårt med røyster – røyster meir enn andreplassen. Med sigeren fekk bandet representere Tsjekkia i tevlinga.

Vesna og «My Sister’s Crown» deltok i den fyrste semifinalen tysdag 9. mai 2023. Der blei songen nummer fire og kvalifiserte seg til finalen laurdag 13. mai 2023. I finalen enda låten på tiandeplass med 129 poeng, den nest beste plasseringa til Tsjekkia sidan debuten i 2007.

Listeplasseringar Liste (2023)Høgasteplassering (IFPI) 38 (Plötutíðindi) 17 (AGATA) 17 (Single Tip) 20 (Polish Streaming Top 100) 64 (Sverigetopplistan) 86 (Singles Digitál Top 100)24

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «My Sister’s Crown» frå , den 2. desember 2023.

Kategori:Tsjekkiske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Eurovision Song Contest 2023-songar Kategori:Engelskspråklege Eurovision Song Contest-songar Kategori:Bulgarskspråklege Eurovision Song Contest-songar Kategori:Tsjekkiskspråklege Eurovision Song Contest-songar Kategori:Ukrainskspråklege Eurovision Song Contest-songar Kategori:Fleirspråklege Eurovision Song Contest-songar