Piqued Jacks er eit italiensk rockeband skipa i 2006. Det består av Andrea Lazzeretti («E-King», vokal, piano, synthesizer), Marco Sgaramella («Majic-o», gitar), Francesco Bini («littleladle», bass) og Tommi Oliveri («HolyHargot», trommer). Dei representerte San Marino i Eurovision Song Contest 2023 med songen «Like an Animal», etter å ha vunne den sanmarinske songtevlinga Una Voce per San Marino 2023.

Bakgrunn Piqued Jacks blei skipa i 2006 i byen Buggiano, nordvest for Firenze. I 2010 og 2011 slapp bandet sine fyrste to EP-ar, og i 2012 jobba dei med den Los Angeles-baserte produsenten Brian Lanese med ein tredje EP, Just a Machine, som blei gjeven ut i januar 2013.

Våren 2014 jobba dei med Matt Noveskey (frå rockebandet Blue October) på singlane «Upturned Perspectives» og «No Bazooka». Det fyrste studioalbumet til Piqued Jacks, Climb Like Ivy Does, kom i 2015, og den akustiske versjonen, Aerial Roots, kom i 2016.

I juni 2018 gav Piqued Jacks ut singelen «Wildly Shine», pre-produsert av Michael Beinhorn (frå Red Hot Chili Peppers og Soundgarden). Same haust kom oppfølgjaralbumet The Living Past, som var produsert av Dan Weller (frå Enter Shikari og Bury Tomorrow). I 2019 vann Piqued Jacks rockeprisen under festivalen Sanremo Rock.

Våren 2020 blei Piqued Jacks ein del av MTV-prosjektet MTV New Generation. I september same år kom singelen «Safety Distance», det fyrste samarbeidet til bandet saman med Brett Shaw (Foals, Florence + The Machine). I mars 2021 kom det tredje studioalbumet Synchronizer, produsert av Julian Emery (Nothing But Thieves, McFly), Brett Shaw og Dan Weller.

I 2023 deltok Piqued Jacks i den andre utgåva av Una voce per San Marino, der vinnaren fekk representere San Marino i Eurovision Song Contest. Dei deltok i tevlinga med låten «Like an Animal» og vann finalen 25. februar 2023. Som vinnarar fekk dei representere San Marino i Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool. I semifinalen enda dei på delt sisteplass med null poeng og kvalifiserte seg ikkje til finalen.

Medlemmar Piqued Jacks har sidan skipinga hatt eit par utskiftingar i besetninga. I 2016 blei trommisen ThEd0g erstatta av Damiano Beritelli, som igjen blei erstatta av HolyHargot i 2017. I april 2019 blei gitaristen Penguinsane erstatta av Majic-o.

Noverande

Andrea Lazzeretti («E-King») – vokal, piano, synthesizer (2006–) Francesco Bini («littleladle») – bass, støttevokal (2006–) Tommi Oliveri («HolyHargot») – trommer (2017–) Marco Sgaramella («Majic-o») – gitar, støttevokal (2019–)

Tidlegare

Francesco Cugia («Penguinsane») – gitar Matteo Cugia («ThEd0g») – bass

Diskografi Studioalbum 2015 – Climb like Ivy Does 2016 – Aerial Roots 2018 – The Living Past 2021 – Synchronizer

EP-ar 2008 – Tight-Mess 2010 – Momo the Monkey 2011 – Brotherhoods 2013 – Just a Machine

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Piqued Jacks» frå , den 8. desember 2023.

Kategori:Italienske musikkgrupper Kategori:Sanmarinske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 2023-deltakarar