Lord of the Lost er eit tysk gothmetalband frå Hamburg, skipa i 2007 av songaren og frontfiguren Chris Harms. Bandet representerte Tyskland i Eurovision Song Contest 2023 med songen «Blood & Glitter».
Bakgrunn Lord of the Lost blei skipa i 2007 av Chris Harms som eit soloprosjekt. Mens han jobba med sine fyrste songar og publiserte dei på MySpace, fekk han mange positive tilbakemeldingar og innsåg at han trengte eit heilt band for å framføre låtane live. Han rekrutterte musikarar blant venar og kjente frå musikkmiljøet i Hamburg og byrja arbeidet på det fyrste albumet til bandet. Harms kalla fyrst gruppa for Lord, men endra namnet til Lord of the Lost for å unngå namnekonflikt med banda Lordi og The Lords.
Debutsingelen «Dry the Rain» kom i 2009, mens debutplata Fears blei gjeven ut i 2010 på det uavhengige merket Out of Line. Mens bandet spelte inn oppfølgjaralbumet Antagony, drog Lord of the Lost på ein utvida turné, blant anna på festivalar som Wave-Gotik-Treffen, Wacken Open Air og M'era Luna Festival.
Våren 2011 ut gav Lord of the Lost ut singelen «Sex on Legs» som den fyrste singelen frå albumet Antagony. Og sommaren 2012 kom tredjealbumet Die Tomorrow. miniatyr|Lord of the Lost i 2012. I februar 2014 forlot trommis Christian Schellhorn bandet og blei erstatta av Tobias Mertens. I mars 2014 drog bandet på sin fyrste USA-turné, finansiert av folkefinansiering. I løpet av to månader samla fans og sponsorar inn 12 775 amerikanske dollar.
Dei neste åra følgde fleire livealbum og EP-ar, og albumet Empyrean.
Steve Harris frå Iron Maiden valde personleg Lord of the Lost som støtteband for europaturnéen til Iron Maiden i 2020, men turneen blei avlyst på grunn av koronapandemien. Turneen blei i staden tatt opp att i 2022, og Lord of the Lost var støtteband i 17 europeiske byar i verdsturnéen til Iron Maiden Legacy of the Beast. Iron Maiden fornya samarbeidet med bandet på Europa-delen av verdsturneen The Future Past i 2023.
I desember 2022 gav Lord of the Lost ut studioalbumet Blood & Glitter, som toppa den tyske albumlista.
I 2023 deltok Lord of the Lost i musikktevlinga , der vinnaren fekk representere Tyskland i Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool. Bandet deltok med låten «Blood & Glitter» og vann tevlinga etter å ha fått flest poeng fra sjåarane. Det fekk dermed representere Tyskland i Eurovision-finalen laurdag 13. mai 2023. I finalen enda bandet sist av 26 deltakarar.
Medlemmar Bandmedlemmane har ofte, men ikkje alltid, scenenamn. Dersom kjent, er namnet på artisten ført opp i parentes etter scenenamnet.
Noverande medlemmar høyre|miniatyr|Chris «The Lord» Harms under Rockharz Open Air 2017.
Chris «The Lord» Harms – vokal, gitar, cello (2007–) Class Grenayde (Klaas Helmecke) – bass (2008–) Gared Dirge (Gerrit Heinemann) – piano, synthesizer, slagverk, gitar, theremin (2010–) π (Pi Stoffers) – gitar (2016–) Niklas Kahl – trommer (2017–)
Tidlegare medlemmar
Sensai (Stefan Ehrhardt) – gitar (2008–2010) Sebsta Lindström (Sebastian Makowski) – gitar (2008–2011) Any Wayst (Anika) – trommer (2008–2011) Bo Six (Borislav Crnogorac) – gitar (2009–2016) Disco (Christian Schellhorn) – trommer (2012–2014) Tobias Mertens – trommar (2014–2017)
Diskografi Studioalbum 2010: Fears 2011: Antagony 2012: Die Tomorrow 2014: From the Flame into the Fire 2016: Empyrean 2018: Thornstar 2021: Judas 2022: Blood & Glitter
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Lord of the Lost» frå , den 12. desember 2023.
Kategori:Tyske rockegrupper Kategori:Tyske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 2023-deltakarar