Dei neotropiske papegøyane (Arinae) eller «den nye verdas» papegøyar omfattar rundt 165 artar i 32 biologiske slekter som finst over heile Sør- og Mellom-Amerika, Mexico, Karibia og tidlegare i det sørlege USA. Blant dei er nokre av dei mest kjende og ikoniske papegøyane, inkludert blågulara, solparakitt og gulhovudamazon.
Papegøyane i «den nye verda» har vore kjende for europearar sidan 1492 då Columbus førte dei inn i notata sine. Systematiske skildringar av neotropiske papegøyar var først tilgjengeleg i publikasjon av den tyske naturforskaren Georg Marcgraf i 1648, og av den engelske naturforskaren Mark Catesby i 1731 og 1743.
Om lag 15 artar og ei slekt, Mascarinus, har vorte utrydda dei siste hundreåra. Ei anna slekt er utdøydd i naturen. Over ein tredel av dei eksisterande artane er klassifiserte som trua av IUCN. Nokre få av desse er i overhengande fare for utrydding med færre enn 500 individ i naturen eller i fangenskap: asurara, brilleara, blåstrupeara, puertoricoamazon, og olivenmaskepapegøye. Dei viktigaste årsakene til nedgang i papegøyebestandar er tap av habitat gjennom avskoging ved flathogst, brenning og flaum ved bygging av demningar, fangst for burfuglhandel og introduksjon av ikkje-stadeigne predatorar.
Ein ny art, kondorpapegøye, vart oppdaga så seint som i 2002.
Evolusjon, taksonomi og systematikk New World-papegøyane er monofyletiske, og har vore geografisk isolert i minst 30–55 millionar år ved molekylære dateringsmetodar. Sjølv om ganske få fossil av moderne papegøyar er kjende, er dei fleste av desse frå stammen Arini av araer og parakittar; dei eldste er frå 16 millionar år sidan. Dette er prov på at moderne slekter for det meste var ulike frå dei i pleistocen, for nokre millionar år sidan.
Taksonomi Neotropiske papegøyar omfattar minst to monofyletiske kladar, ein av primært langhala artar slik som araer, og den andre av primært korthala papegøyar inkludert amazonpapegøyar.
Fylogeni Kladogram for dei neotropiske papegøyane:
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Neotropical parrot» frå , den 16. desember 2023.
Referansar
Bakgrunnsstoff
kategori:parakittar