Miroslav Cerar () er ein tidligare turnar frå Ljubljana som representerte Jugoslavia. Han var spesialist i bøylehest, vann gull i øvinga i alle verdsmeisterskap og olympiske leikar i tida frå 1962 til 1970.
Cerar vann bronse i bøylehest ved Turn-VM 1958 i Moskva. To år seinare vart han femtemann i svingstang under Sommar-OL 1960 i Roma og nummer 8 i mangekamp. I 1961 vann han fire gullmedaljar ved EM i Luxembourg: i tolvkamp, bøylehest, ringar, skranke samt bronse i hopp. Ved Turn-VM 1962 i Praha i vann han både bøylehest og skranke, i begge framom Boris Tsjaklin. Dommarane korrigerte poeng-summen etter at publikum, 18 000 tilskodarar, i 40 minutt høglytt protesterte mot at Tsjaklin fekk fyrsteplassen i skranke-øvinga. I EM i 1963 i Beograd vann Cerar på ny tolvkampen på ny, bøylehest, ringar og skranke. I tillegg til sølv i hopp fekk han bronse i frittståande.
Under Sommar-OL 1964 vart Cerar nummer sju i tolvkampen. Han deltok i tre apparatfinalar og vann ein bronsemedalje i svingstang, ført han vart olympisk meister i bøylehest. I EM i 1965 i Anvers vann han gull i skranke, sølv på bøylehest og i frittståande og bronse i ringar. Russaren Viktor Lisitskij sigra på bøylehest, og på førte Cerar det fyrste av to nederlag i spesialøvinga hans, det andre kom i EM 1967 frå Mikhail Voronin. Cerar vann så gull på bøylehest og bronse i skranke ved Turn-VM 1966 i Dortmund.
Under dei olympiske sommarleikane 1968 vart Cerar nummer ni i mangekampen, deretter sikra han seg si andre olympiske gullmedalje på bøylehest. Også i EM 1969 steig han til topps på bøylehesten. I 1970 var heimbyen til Cerar vertskap for verdsmeisterskapen. Han vann då bøylehest for tredje gong i rad ved ein verdsmeisterskap. Cerar slutta turna i 1971, etter å ha vorte skada i ei tevling i Japan.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Miroslav Cerar» frå , den 28. desember 2023.
Kategori:Olympiske meistrar for Jugoslavia Kategori:Jugoslaviske idrettsutøvarar