Nike (gresk Νίκη, 'Siger', uttalt nǐːkɛː) er sigersgudinna i gresk mytologi. I romersk mytologi blir denne gudinna kalla Victoria.
mini|venstre|portrett|Nike med tymiaterion. Attisk raudvasebilde frå kring år 490. f.Kr. mini|Romersk bronsemynt med sigersgudinna Victoria.
Nike er ein allegorisk personifikasjon av siger. Dette gjeld ikkje berre den blodige sigeren i krig, men òg den fredelege sigeren i greske tevlingar og elles i alle typar suksess ein kunne vinna.
Ifølgje Hesiod var Nike dotter av elvegudinna Styx og titanen Pallas. Ho blei ofte kopla til dei sigersgjevande gudane Zevs og Atene, og kultbilda deira har ofte ein Nike-statue med venger. Etterkvart kom ho til å smeltast ihop med Atene til Atene Nike, som Atene Nike-templet i Aten var tileigna. Der var kultbida av Atene utan venger, bortsett frå Nike-figurane på marmorbalustraden, der ein mellom anna finn den kjende ‘Nike som rettar på sandalen’.
I biletkunsten blir sigersgudinna framstilt som ein blømande, kraftfullt skapt jomfru i fotside, flagrande klede. Ho har vanlegvis venger, og har ofte sigersteikn som krans og palmekvist i handa, eller ein fanfaretrompet som forkynner sigersbodskapen. Av og til blir ho òg vist i ei triumfvogn og der ho sjølv køyrer spannet. Ho er òg blitt avbilda i skriftrullar frå det eldgamle biblioteket i Alexandria.
Nikestatuer var eit populært motiv i gresk kunst. Nike frå Samothráki er truleg det best kjende dømet. Nike frå Dílos av Arkhermos høyrer til dei eldste døma. Ein annan, meir kjend statue er Paionios Nike.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Nike» frå , den 1. januar 2024.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Greske gudinner