mini|Siltstein Siltstein er ein klastisk sedimentær bergart som er sett saman av partiklar med storleik mellom dei grovare partiklane i sandstein og dei finare i leirskifer. Meir enn to tredelar av bergarten er siltpartiklar, det vil seia med kornstorleik som er mellom 0,002 og 0,006 mm. Vanlige mineral i siltstein er kvarts, feltspat, glimmer og ulike leirmineral, der dei to førstnemnde er meir dominerande i grove partikkelstorleikar og i leirmineral i finare storleikar.Siltstone, Geology.com
Ordet silt er truleg i slekt med salt. Språkrådet går ut frå at opphavet truleg kjem frå engelsk,«silt», Bokmålsordboka men i engelsk etymologi meiner ein at opphavet mest sannsynleg er frå norsk og dansk, sylt.silt (n.), Online Etymology DictionaryAyto, John (1999): Dictionary of Word Origins, Bloomsbury, s. 478. Sitat: «... it is etymologically related to salt. It was probably borrowed from a Scandinavian word – Danish and Norwegian have the apparently related sylt ’salt marsh’.»
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Siltstein» frå , den 2. januar 2024.
Kategori:Sedimentære bergartar