Kobe Port Tower (japansk 神戸ポートタワー, Kōbe Pōto Tawā) er eit utsiktstårn i hamnebyen Kobe i Hyōgo prefektur i Japan. Det er 108 meter høgt og bygd i stålrøyr. Forma minner om ei lita japansk tromme, ein såkalla tsuzumi.
Tårnet har to delar; ein nedre del med tre etasjar og ein øvre utsiktsdel med fem etasjar. Utsiktsplattforma i fjerde etasje ligg 75 meter over bakkenivå, og i sjette etasje er det ein roterande kafé som går ein heil runde på 20 minutt. Frå sjuande etasje kan ein sjå ut over Osakabukta med øya Awaji, og frå åttande etasje kan ein sjå heilt til Kansai internasjonale lufthamn.
Utsiktstårnet blei renovert mellom 2009 og 2010 og utstyrt med LED-lys.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Kobe Port Tower» frå , den 6. januar 2024.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Arkitektur i 1963 Kategori:Kobe Kategori:Tårn i Japan