Guillaume Joli () er ein fransk tidlegare handballspelar. Han er verdsmeister tre gongar, europameister to gongar og vart i 2012 olympisk meister med Frankrike sitt sigerrike landslag. Han spelte høgrekant.

Karriere Landslagsspel Joli deltok i 118 landskampar i tida 2006-15, skåra 346 mål. Åra frå 2009 til 2015 sanka han nesten årleg ein gullmedalje med franske landslaget i antan verdsmeisterskap, europameisterskap eller olympiske leikar.

Klubbspel Frå 2004 til -10 spelte Joli på det franske topplaget Chambéry, eit lag som kom på andreplass i landsserien fire gongar desse åra. Deretter var han to sesongar i kvar av laga Valladolid, Dunkerque og Wetzlar. Han avslutta med spel for Dunkerque i tida 2016 til -19. Hans einaste triumf på klubbnivå kom i den franske ligacupen med Dunkerque i 2013.

Merittar OL-gull: 2012 med Frankrike VM gull: 2009, 2011, 2015 med Frankrike EM-gull: 2010, 2014 med Frankrike Fransk ligacupvinnar: 2013 for Dunkerque

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Guillaume Joli» frå , den 12. januar 2024.

Kategori:Franske handballspelarar Kategori:Verdsmeistrar i handball Kategori:Olympiske medaljevinnarar i handball Kategori:Olympiske meistrar for Frankrike Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2012 Kategori:Franske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Handballspelarar under sommar-OL 2012 Kategori:Folk frå Lyon