Stråledyr eller radiolariar (Radozoa) er ei gruppe av eincella organismar (protistar).

Dei lever som dyreplankton i havet og har skal som består av silisiumdioksid. Når dei døyr, søkk skala ned på havbotnen. Store område er dekte av slike skal. Nye artar med annleis skal oppstår regelmessig, og radiolariar er kjende heilt tilbake til byrjinga av kambrium. Stråledyr er derfor viktige leiefossil.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Radiolarier» frå , den 16. januar 2024.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Protistar