Scholastique Mukasonga () er ein fransk-rwandisk forfattar fødd i den tidlegare Gikongoro-provinsen i Rwanda. I 2012 vann ho Prix Renaudot og prix Ahmadou-Kourouma for boka Notre-Dame du Nil. I tillegg til å ha vore finalist for International Dublin Literary Award og Los Angeles Times Book Prize, blei Mukasonga belønna i 2014 med Seligmann Prize mot rasisme og intoleranse og i 2015 med Société des gens de lettres-prisen. Ho er busett i Normandie i Frankrike.Garcin, Jérôme. "Scholastique Mukasonga, la pharaonne noire du Calvados" (Archive). L'Obs. Retrieved 29 May 2015.

Liv Scholastique Mukasonga blei fødd i 1956 sørvest i Rwanda, nær Rukarara-elva. I 1959 fann dei fyrste pogromane mot tutsiar stad i landet. I 1960 blei familien hennar som ein av mange andre deportert til Nyamata i den ugjestmilde provinsen Bugesera. Etter denne fordrivinga frå landsbyen sin budde familie i ein flyktningleir, der Mukasonga overlevde fleire forfølgingar og massakrar. Mor hennar Stefania vigde all si tid til barna, noko som bidrog til at Mukasonga kunne stiga i livet. Trass i den avgrensande kvoten som berre tillett 10 % tutsiar i vidaregåande skular, studerte ho ved Lycée Notre-Dame-de-Citeaux i Kigali og utdanna seg så til sosialarbeidar i Butare. Mukasonga har forklart at dette var den einaste skulen for jenter som gjorde at ho kunne dra tilbake til heimeområdet og hjelpa andre somikkje hadde høve til å gå på skule. I 1973 blei tutsibarn fordrivne frå skular, og tutsi-embetsfolk frå stillingane sine. Som følgje av dette måtte Mukasonga flykta frå Burundi for å unngå livsfare.

Ho fullførte studiene sine som sosialarbeidar i Burundi og byrja arbeida for UNICEF. Mukasonga kom til Frankrike i 1992, og måtte då sosialarbeidarprøve på nytt, sidan diplomet hennar frå Burundi ikkje blei anerkjent av dei franske styresmaktene. Frå 1996 til 1997 var ho sosialarbeidar for studentane ved Universitetet i Caen. Sidan 1998 har ho vore domstolsrepresentant for Union départementale des associations familiales de Calvados. Ho er busett i Nedre Normandie.

I 1994 blei 37 av slektningane hennar drepne under folkemordet til tutsiane. Det tok Mukasonga ti år til for å våga å venda tilbake til Rwanda, og det gjorde ho i 2004. Det var etter denne reisa at ho følte trongen til å skriva si fyrste bok, ein sjølvbiografi med tittelen Inyenzi ou les Cafards. Den engelskspråkige utgåva av boka blei nominert til Los Angeles Times Book Prize i 2016 i sjølvbiografikkategorien. Den neste boka hennar, La Femme aux pieds nus, kom ut i 2008. Ho fekk Seligmann-prisen frå Chancellerie des universités de Paris, som anerkjenner arbeid mot rasisme og intoleranse.

I 2010 gav ho ut ei novellesamling med tittelen L'Iguifou, og vann Paul Bourdarie-prisen i 2011 frå Académie des sciences d'outre-mer og frå Renaissance-prisen for noveller. Boka hennar Notre-Dame du Nil vann tre utnemingar: Ahmadou-Kourouma-prisen i Genève, Oceans France-prisen og Prix Renaudot i 2012. Den engelske omsetjinga av dette verket, Our Lady of the Nile, blei valt ut som ei av dei ti beste bøkene for Dublin Literary Award og var ein finalist for Emerging Voices-prisen til Financial Times. I 2014 gav Mukasonga ut ei ny novellesamling, Ce que murmurent les collines, som vann Société des gens de lettres-prisen året etter i 2015 i novellekategorien. I 2015 blei ho tildelt Prix Bernheim av Fondation du judaisme francais som ei anerkjenning for heile arbeidet sitt. I 2016 gav ho ut Coeur Tambour på Éditions Gallimard.

I juni 2017 fekk ho prisen til fransktalende ambassadørar (Ambassadeurs francophones) i København. I mars 2018 gav ho ut eit nytt sjølvbiografisk verk, Un si beau diplom! Mukasonga er medlem av juryet i Prix Deauville Littérature et Musique (Deauville Pris for litteratur og musikk). Ho er òg blitt utnemnd til Chevalier des Arts et des Lettres.

Verk Romanar

2012: Notre-Dame du Nil, Éditions Gallimard, 2012: Prix Ahmadou-Kourouma, Prix Renaudot"Scholastique MUKASONGA Notre Dame du Nil / Our Lady of the Nile." Institut Français, Denmark. November 2012. Retrieved on 28 May 2015. 2014: Engelsk omsetjing av Melanie Mauthier, Our Lady of the Nile (Archipelago Books), 2022: Kortlista for Republic of Consciousness Prize 2016: Cœur tambour 2020: Kibogo est monté au ciel 2022: Engelsk omsetjing av Mark Polizzotti, Kibogo (Archipelago Books).

Noveller

2014: Ce que murmurent les collines

Memoar

2006: Inyenzi ou les cafards (memoir),"Fuse Book Review: “Our Lady of the Nile” — Prefiguring Rwandan Genocide" (Archive). Arts Fuse. 26 August 2014. Retrieved on 29 May 2015. Gallimard 2016: Engelsk omsetjing av Jordan Stump, Cockroaches (Archipelago Books), 2008: La femme aux pieds nus (memoar) — Dedicated to Mukasonga's mother, Stefania,"Fuse Book Review: “Our Lady of the Nile” — Prefiguring Rwandan Genocide" (Archive). Arts Fuse. 26 August 2014. Retrieved on 29 May 2015. Gallimard 2018: Engelsk omsetjing av Jordan Stump, The Barefoot Woman (Archipelago Books, desember 2018);"The Barefoot Woman" at Archipelago Books. finalist for the 2019 National Book Award for Translated Literature 2010: L’Iguifou (memoir), Gallimard 2020: Engelsk omsetjing av Jordan Stump, Igifu (Archipelago Books, september 2020) 2023: A Book of My Own (ISOLARII, august 2023)

Prisar og utmerkingar

2012: Prix Renaudot for Notre-Dame du Nil 2012: Prix Ahmadou-Kourouma for Notre-Dame du Nil 2016: Shortlisted for International Dublin Literary Award med Our Lady of the Nile 2019: Finalist for National Book Award for Translated Literature med The Barefoot Woman 2022: Finalist for National Book Award for Translated Literature med Kibogo 2023, Vald som Royal Society of Literature International Writer

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Scholastique Mukasonga» frå , den 22. januar 2024.

Kategori:Tutsiar Kategori:Rwandiske forfattarar Kategori:Franske forfattarar Kategori:Forfattarar frå 2000-talet