mini|250x250pk|Frå eit spa i Spania. mini|250x250pk|Ayurvedisk spa i Goa i India. Spa, tidlegare ofte kalla badestad, kurbad eller badeanstalt, er tradisjonelt ein stad der det finst vatn ein meiner har helsegjevande eigenskapar. Dette er vanlegvis mineralvatn eller varme kjelder. Ved eit spa går det også an å få ulike former for behandling.

I dag blir nemninga gjerne brukt om eit luksushotell eller ein feriestad i nærleiken av ei spesiell vasskjelde, eller som tilbyr massasjebad eller andre former for hydroterapi til gjestene sine. Spa er i dag ei internasjonal nemning på ei moderne kurbadverksemd som omfattar streng diett for sunt kosthald, pleie av kroppen, massasje, avslapping og fysisk og mental mosjon.

Mange stader har verksemda til dei gamle kurbada fått ei ny oppblomstring under nemninga «spa».

Skandinaviske kurbad

Noreg Kjende badestadar i Noreg:

Sandefjord Kurbad (1833–1939) Moss Kurbad (1835–1958) Tjømø Bad og Kneipp-kuranstalt (1890-) Modum Bad (1957–d.d.), etterfølgde kurstaden «St. Olafs Bad» same stad (1857–1957) Vikersund Bad (1918–) Eidsvoll Bad Larvik Bad Eidanger Bad og Sanatorium (1893–1908) Langesund Bad (1897–1929) Holmestrand Bad Hankø Bad Hvaler Bad Hokksund Kurbad (1933–)

Sverige I Sverige har Ronneby brunn i Ronneby kommune, Ramlösa brunn og kurbadet i Nådendal vore blant dei mest kjende kurbada.

Danmark I Danmark har Skodsborg Badesanatorium (1898–1992) i Skodsborg vore kjent utover landegrensene som eit kurbad som også utdanna fysioterapeutar og drev ein kokkeskule. I Klampenborg låg Klampenborg Vandkur-, Brønd- og Søbadeanstalt (1845–1939).

Ordsoge Ordet «spa» er avleidd frå byen Spa aust i Belgia. Detste namn er kjent frå romersk tid, då staden blei kalla Aquæ Spadanæ, Staden har medisinske mineralkjelder som blei gjenoppdaga på 1400-talet, og tidleg på 1600-talet var staden velkjent nok i England til at namnet på byen blei nytta som eit generisk omgrep for «medisinske kjelder».Rosen, George (1954): Journal of the History of Medicine and Allied Sciences, Yale University Dept. of the History of Science and Medicine, Project Muse, H. SchumanAyto, John (1990): Dictionary of Word Orgins, Bloomsbury Reference, ISBN 0-7475-4570-7, s. 491 Det er tidvis ukorrekt blitt knytt til det latinske ordet spargere i tydinga ‘spreia, overrisla’ eller ‘fukta’.Tubergen, A. van; Linden, S. van der: «A brief history of spa therapy» i: Ann Rheum Dis 2002; 61 (10), s. 949-950 (PDF)

Sidan 1500-talet hadde dei gamle romerske ideane om helsebringande bad blitt gjeninnførte i byar som Bath i Somerset.«bad», Bokmålsordboka«bath», Wiktionary Sidan mellomalderen har sjukdom grunna jernmangel blitt behandla ved å drikka jernmedisin, som jernhaldig kjeldevatn. I 1596 hadde William Slingsby (1563–1634), som hadde vore i den belgiske byen (som han kalla for Spaw), oppdaga ei jernhaldig kjelde i Yorkshire. Han bygde ein innelukka brønn ved staden som skulle bli kjend som Harrogate. Dette blei den fyrste kurstaden i England der ein kunne drikka medisinsk vatn. I 1596 oppdaga doktor Timothy Bright (1551?-1615) ein ny brønn som blei kalla for The English Spaw. Dette blei byrjinga på bruken av ordet «spa» som ei generell skildring av denne typen stad.

Historie mini|Romersk bad frå antikken i den engelske byen Bath. Praksisen med å reisa til varme eller kalde kjelder i håp om ein helsebringande effekt på nokre lidingar eller sjukdom går tilbake til forhistorisk tid. Arkeologiske undersøkingar i nærleiken av varme kjelder i Frankrike og Tsjekkia har avdekt våpen og ofringar daterte til bronsealderen. I Storbritannia har legender frå oldtida kreditert tidlege britonske kongar med oppdaginga av dei varme kjeldene i byen Bath.Paige, John C; Laura Woulliere Harrison (1987): Out of the Vapors: A Social and Architectural History of Bathhouse Row, Hot Springs National Park (PDF). U.S. Department of the Interior.

Bad i gresk tid mini|Spabyen Hisarya i Bulgaria: ein romersk by blei bygd på 100-talet på grunn av mineralkjeldene på staden. mini|Coriovallum, romersk bad i Heerlen i Nederland (rekonstruksjon). Nokre av dei eldste skildringane av praksis med bad i Vesten kjem frå Hellas i antikken . Grekarar byrja med badekurar som danna grunnlaget for dei moderne prosedyrane med spa. Dei egeiske folka rundt Egearhavet nytta små badestampar, vaskebasseng og forbad for si eiga personlege reinsemd. Dei eldste av slike funn er bada i palasskomplekset ved Knossos på Kreta frå den minoiske kulturen. Ein har funne luksuriøse badestampar av alabast i minoiske Akrotíri på øya Santorini; begge daterte frå midten av 1000-talet f.Kr. Grekarane etablerte offentlege bad og dusjar innanfor sine gymnasion, som fungerte som ein offentleg idrettsplass og treningsstad for atletar og idrettsfolk. Her slappa dei av, dreiv personleg hygiene og skrapa seg reine med særskilde badeskraper.Greenhalgh, Michael: «Gymnasium, Palaestra and Bath», The Greek & Roman Cities Of Western Turkey

Gresk mytologi spesifiserer at særskilde naturlege kjelder eller tidvassbasseng var velsigna av gudane for å lækja sjukdommar. Rundt desse heilage bassenga etablerte grekarane badefasilitetar for dei som kom for å gjera dette. Dei besøkjande etterlét seg offer til dei lækjande gudane på desse stadene, og bada med håp om kur og helsebot. Spartanarane utvikla ei form for primitivt dampbad. Ved SerangeumPausanias, Frazer, James George (2012): Pausanias's Description of Greece, Cambridge University Press, s. 478 var det eit tidleg gresk balaneîon eller balneum«balneum», WiktionaryLewis, Charlton T.; Short, Charles: «balnĕum», A Latin Dictionary, som kan omsetjast til badehus, men her forstått som badekammer, hogge ut i fjellsida der det var varme kjelder. Det blei også hogd inn ei rekkje nisjar i fjellet over kammera der dei badande kunne oppbevara kleda sine. Eit av badekammera hadde dekorative golv av mosaikk som viste ein vognkøyrar, ei hestedriven vogn, fire hestar, ei kvinne følgd av to hundar og nedanfor ein delfin. Dei gamle grekarane nytta eigenskapane til naturen, men utvida dei og la til eigne komfortar som dekorasjonar og hyller. Ved seinare gresk sivilisasjon blei badehus som regel bygde i forlenginga av gymnasion og atletiske område.Paige, John C; Laura Woulliere Harrison (1987): Out of the Vapors: A Social and Architectural History of Bathhouse Row, Hot Springs National Park (PDF). U.S. Department of the Interior.

Den mest utvikla og forfina bruken av vatn for avslapping og helsebot kjem frå tyrkiske hamam (tyrkisk bad), ei form for dampbad, og arabiske bad.Geerts, Erlend: «What To Expect When Visiting a Turkish Bath or Hamam?» , Wittistanbul Denne terapeutisk bruken av varmt vatn blei innført av muslimar i den europeiske mellomalderen via Spania (al-Andalus). Dei største arabiske bada i verda utanfor eit muslimsk land ligg i den spanske byen Jaén og er daterte til 1100-talet.«Arab Baths in Jaén», Medieval Histories, 26. januar 2014

Bad i romersk tid mini|Ruinane av dei enorme bada i Caracallas termar i Roma, fullført i år 216 over 25 hektar land. Romarane etterlikna mange av badevanane til grekarane, og overgjekk dei i bygging av større og meir komplekse bad. Årsaka var fleire: dei romerske byane var større i utstrekking og med større befolkning, tilgangen på rennande vatn som følgje av bygging av akveduktar, og oppfinninga av sement som gjorde det lettare, tryggare og billigare å reisa store byggverk. Som i Hellas var romerske bad det fremste senteret for avslapping og sosiale aktivitetar. Med utbreiinga av Romarriket spreidde ideen om offentlege bad seg til alle land rundt Middelhavet, og inn i regionar i Europa og i Nord-Afrika. Med bygginga av akveduktar fekk romarane nok vatn ikkje berre til jordbruket og industrien, men også til fritidssyslane sine. Vatnet blei oppvarma for bruk i bada. I dag er utstrekkinga av romerske bad avdekt i ruinar og i arkeologiske undersøkingar i Europa, Nord-Afrika og i Midtausten.Paige, John C; Laura Woulliere Harrison (1987): Out of the Vapors: A Social and Architectural History of Bathhouse Row, Hot Springs National Park (PDF). U.S. Department of the Interior.

Romarane utvikla også bad i koloniane sine ved å dra nytte av naturlege varme kjelder, til dømes i AixCoolidge, Carrie (25. mars 2013): «A Working Roman Spa», Penta Daily og VichyFlorian, Charlene (16. juli 2012): «The Healing Power of Thermal Water» , Kerstin Florian i dagens Frankrike; Bath«Roman Baths, Bath» , Visit Bath og Buxton«Aqvae Arnemetiae, Roman Spa Town» , Roman-britain.org i England; Aachen«History of bathing», Aachen.de og WiesbadenDougherty, Carter (22. oktober 2007): «Taking the Waters in Wiesbaden», The New York Times i Tyskland; Baden i Austerrike; Aquincum (dagens Budapest) i Ungarn, og andre stader.«Doing something good for body and health» , Römertherme«Bathing in Former Glory: Budapest’s Famous Thermal Baths», The Culture Trip Desse bada var senter og sosiale møtestader i dei romerske samfunna. Bibliotek, matstader, gymnastikkhallar og hageanlegg vart ein del av nokre badekompleks. I tillegg nytta romarane varmt termisk vatn for å letta lidingar frå reumatisme, leddbetennelse, og frå fråtsing i mat og drikke. Nedgangen for Romarriket som byrja i 337 etter at keisar Konstantin døydde, førte til at romerske legionar gradvis gav opp dei fjernliggjande provinsane deira og lét etter seg bada til å bli overtekne av lokalbefolkninga eller bli øydelagde.Paige, John C; Laura Woulliere Harrison (1987): Out of the Vapors: A Social and Architectural History of Bathhouse Row, Hot Springs National Park (PDF). U.S. Department of the Interior.

Bad i mellomalderen Med nedgangen til Romarriket blei offentlege bad ofte rekna som stader for uanstendige åtferd, og slik bruk var ansvarleg for spreiing av sjukdommar framfor helsebot. Det utvikla seg ei vanleg tru blant folk i Europa om at hyppige bad fremja sjukdommar i staden for å minka dei. Kyrkjeautoritetane i mellomalderen oppmuntra denne trua, og gjorde kva dei kunne for å få stengt offentlege bad. Kyrkjeleiarar meinte at offentlege bad skapte eit miljø for umoral og sjukdom. Kyrkja bannlyste offentlege bad i mislykka forsøk på å stoppa spreiing av syfilis i Europa. Generelt representerte denne perioden ei nedgangstid for offentleg bading.Paige, John C; Laura Woulliere Harrison (1987): Out of the Vapors: A Social and Architectural History of Bathhouse Row, Hot Springs National Park (PDF). U.S. Department of the Interior.

Folk heldt likevel fram med å oppsøkja nokre få utvalde varme og kalde kjelder som dei trudde var heilage brønnar for å bøta på ulike plager. I ei tid prega av religiøs inderlegheit fanst det ei tru på at vatn kunne vera knytt til Gud eller ein av helgenane. I 1326 oppdaga Collin le Loup, ein jernvarehandlar frå Liège i Belgia, kjelder med jernoksid i den belgiske byen Spa.Osterer, Melissa (2005): «History of Resorts» , University of Florida Rundt desse kjeldene blei det utvikla ein kjend kurstad, og omgrepet «spa» kom til å visa til alle former for kurstad som låg i nærleiken av naturlege vasskjelder. I løpet av denne perioden blei einskilde kjelder assosierte med særskilde sjukdommar og plager som det blei hevda dei kunne lækja eller ha helsebringande effekt for.Paige, John C; Laura Woulliere Harrison (1987): Out of the Vapors: A Social and Architectural History of Bathhouse Row, Hot Springs National Park (PDF). U.S. Department of the Interior.