Nyanga er ei elv i Gabon og Kongo-Brazzaville. Ho renn tvers gjennom den sørvestlege delen av begge landa, og munnar ut i Atlanterhavet 400 km sør for den gabonske hovudstaden Libreville. Delar av det øvre løpet dannar grensa mellom dei to landa. Elva er den nest viktigaste i Gabon etter Ogooué.

Elva har kjelde ved grensa mellom Kongo-Brazzaville og Gabon, nær møtepunktet mellom dei gabonske provinsane Ngounié og Ogooué-Lolo. Ho renn sørover langs grensa og så sørvest gjennom Niari-provinsen i Kongo. Så renn ho inn i Nyanga-provinsen i Gabon og gjer ei krapp vending mot nordvest. Elva renn gjennom provinshovudstaden i Nyanga, Tchibanga, som er den største byen langs elva. Så vender ho gradvis mot sørvest att, og renn gjennom fleire stryk før ho når kystsletta og renn ut i Atlanterhavet. Rekkja av stryk bryt opp eit elles jamt løp.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Nyanga (vattendrag i Gabon)» frå og «Nyanga River» frå , den 1. februar 2024.

Kategori:Grenseelvar Kategori:Nedslagsfelt for Atlanterhavet Kategori:Elvar i Kongo-Brazzaville Kategori:Elvar i Gabon