Ernest Gary Gygax () var ein amerikansk forfattar og speledesignar som er best kjend som skaparen av det velkjende rollespelet Dungeons & Dragons. Han er blitt omtalt som «far til rollespelet».
Gary Gygax skapte Dungeons & Dragons saman med Dave Arneson i 1973 og gav det ut saman med Don Kaye i 1974 gjennom selskapet Tactical Studies Rules (TSR, Inc.).
Gygax forlét seinare TSR, og produserte og publiserte rollespel på eiga hand. Han skapte til dømes Dangerous Journeys og Lejendary Adventure.
Han gifta seg med Gail Carpenter 15 august 1987 som var same dag som foreldra til Gygax hadde 50-årsjubileet sitt. Han har også hatt eit tidlegare ekteskap med Mary Jo Gygax.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Gary Gygax» frå , den 10. februar 2024.
Kategori:Folk frå Chicago Kategori:USA-amerikanske speldesignarar Kategori:USA-amerikanske forfattarar Kategori:Speldesignarar