Gå framover (thai พรรคก้าวไกล, Phak Kao Klai) er eit sosialdemokratisk og progressivt politisk parti i Thailand som overtok dei fleste medlemmene av partiet Framtid framover etter at det vart oppløyst i 2020. Partiet vann parlamentsvalet i 2023 med støtte frå over 14 millionar veljarar, men vart forhindra frå å sitje i regjering på grunn av den militærstøtta grunnlova, og partiet Pheu Thais ønske om å stille med sin eigen statsministerkandidat.
Partiet vart registrert 1. mai 2014 under namnet Ruam Pattana Chart Thai (thai พรรคร่วมพัฒนาชาติไทย). Det bytte seinare namn til til Phung Luang (thai: พรรคผึ้งหลวง), men etter parlamentsvalet i 2019 bytte det tilbake til det opphavlege namnet. Partiet tok namnet Gå framover i 2020 etter å ha vorte etterfølgjaren til det oppløyste Framtid framover. Partiet valde Pita Limjaroenrat som leier den 14. mars 2020. Pita uttalte at partiet vil følgja ideologien til Framtid framover, og «representera dei fattige og vanskelegstilte, setje ein stoppar for diktaturstyret, og rette opp att demokratiet».
Ifølgje nokre observatørar har partiet ein strategi der dei tek politiske aktivistar inn i formell politikk og gjer dei til parlamentsmedlemmer.
Politisk program I 2023 hadde Gå framover ei plattform basert på «dei tre D-ane» — demilitarisering, demonopolisering og desentralisering. Ifølgje partileiar, statsministerkandidat i 2023, og forhindra valvinnar, Pita Limjaroenrat, meiner partiet at det er måten å demokratisera Thailand på. Partiet ønskjer å ta militæret ut av politikken så det ikkje blir statskupp gjennomsnittleg kvart sjuande år.
Forhindra i 2023 og prosess med å forby partiet Partiet vann flest stemmer i parlamentsvalet i 2023 og hadde fleirtal i underhuset saman med dei andre demokratiske partia, men på grunn av den militærstøtta grunnlova vart dei hindra frå regjeringsmakta av støttespelarar for monarkiet og militæret i senatet under avstemmingane i parlamentet. Pheu Thai avviste deretter å ta med Gå framover i den nye regjeringa for å kunne gjere vegen lettare for Srettha Thavisin, Pheu Thais eigen statsministerkandidat. Den 31. januar 2024 fann den thailandske grunnlovsdomstolen at partiet hadde brote grunnlova ved å lova å jobbe for å forandra lovgivinga om majestetsfornærming, og åtte politikarar og aktivistar frå partiet vart dømt til fire månaders fengsel på vilkår. Blant desse var partileiar Pita Limjaroenrat, grunnlegg av Framtid framover, Thanathorn Juangroongruangkit, og kjernemedlem i den thailandske progressive rørsla, Pannika Wanich.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Gå fremover» frå , den 13. februar 2024.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Thailandske politiske parti Kategori:Progressive parti Kategori:Sentrum-venstre-parti Kategori:Politiske parti skipa i 2014 Kategori:2014 i Thailand Kategori:Skipingar i 2014