Serdar Gurbangulyýewiç Berdimuhamedow () er ein turkmensk politikar som sidan 19. mars 2022 har vore president i Turkmenistan. Han er sonen av den tidlegare presidenten Gurbanguly Berdimuhamedow og har hatt fleire ministerpostar i regjeringa hans.I Turkmenistan er presidenten også regjeringssjef. Landet har ingen statsminister.

I 2021 blei Berdimuhamedow utnemnd til ein (av fleire) visestatsministrar. Ved presidentvalet i 2022 fekk han 73 % av røystene og etterfølgde dimed hans far, som hadde denne posten i femten år. Valet blei av fleire internasjonale observatørar rekna som ikkje fritt og uavhengig. Han representerer Det demokratiske partiet i Turkmenistan.

Biografi Serdar Berdimuhamedow blei fødd 22. september 1981 i hovudstaden Asjkhabad. Han er utdanna teknologiingeniør frå Turkmen Agricultural University (2001). Etter to års militærteneste jobba han frå 2003 til 2008 innan matvareindustrien.

Frå 2008 til 2011 studerte Berdimuhamedow ved det diplomatiske akademiet ved utanriksdepartementet og tok diplomeksamen i internasjonal politikk. I perioden var han også ambassaderåd ved den turkmenske ambassaden i Moskva. Frå 2011 til 2013 studerte han internasjonal sikkerheitspolitikk i Genève samstundes som han var ambassaderåd ved den turkmenske SN-ambassaden i Genève. I 2014 var han tilbake i Turkmenistan der han forsvarte ei avhandling ved Det turkmenske vitskapsakademiet. Han fekk doktorgraden sin i juli 2015. Politisk karriere

I november 2016 blei Berdimuhamedow vald inn i den turkmenske nasjonalforsamlinga (Mejlis) som representant for det 25. distrikt med sentrum i Dushak i det sørlege Turkmenistan. Ved parlamentsvalet i mars 2018 blei han attvald til Mejlis med over 90 % av røystene.

Berdimuhamedow steig i det politiske hierarkiet i Turkmenistan då han i mars 2018 blei utnemnd til viseutanriksminister. I januar 2019 gjekk han over i stillinga som viseguvernør i Ahal-provinsen. Denne provinsen er eit tyngdepunkt for den turkmenske eliten. Frå juni 2019 var han guvernør i denne provinsen.

I februar 2020 blei Berdimuhamedow utnemnd til industriminister.

thumb|Berdimuhamedow (heilt til høgre) under møtet i Det eurasiatiske ministerrådet i 2021.

Den 11. februar 2021 steig han vidare i gradene då han blei viseformann for ministerkabinettet, tok sete i det statlege sikkerheitsrådet, og blei leiar for kontrollkomiteen.

Den 9. juli 2021 blei Berdimuhamedow løyst frå verva sine i det statlege sikkerheitsrådet og kontrollkomiteen, men fekk som viseformann for ministerkabinettet utvida ansvar for økonomi og finanssaker.

Presidentperioden Berdimuhamedow stadfesta i februar 2022 at han stilte som presidentkandidat ved valet 12. mars 2022 og at han dimed ønskte å bli etterfølgjaren til faren sin. Han vann valet og fekk 72,97 % av røystene. Valet blei av internasjonale observatørar betrakta som ikkje fritt og uavhengig.

Berdimuhamedow blei tatt i eid som president 19. mars 2022. Den 25. mars presenterte han regjeringa si, som var uforandra i forhold til føregjengaren bortsett frå at hans eigen regjeringsposisjon var erstatta av Muhammetguly Muhammedow.

Utanrikspolitisk markerte Berdimuhamedow seg ved at han same dag som innsetjinga mottok akkreditiv frå Fazal Muhammad Sabir og at han dimed blei det fyrste landet i Sentral-Asia som hadde diplomatisk kontakt med Taliban-regimet i Afghanistan. Ram Nath Kovind, dåverande president i India, kom på statsbesøk til Turkmenistan 1. til 4. april 2022. Det var fyrste gongen ein indisk president vitja landet, og det var det fyrste utanlandske statsoverhovudet som blei mottatt av Berdimuhamedow. Dei to diskuterte handel- og energipolitisk samarbeid. Hans fyrste utanlandsbesøk gjekk til Saudi-Arabia 1. til 2. juni 2022.

I løpet av april 2022 gjorde Berdimuhamedow nokre mindre endringar i regjeringssamansetjinga.

Familie Berdimuhamedow er gift og har fire barn.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Serdar Berdimuhamedow» frå , den 17. februar 2024.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Turkmenske politikarar Kategori:Turkmenske presidentar Kategori:Turkmenske statsministrar