Robert Kemsley (Robin) Orr CBE () var ein skotsk organist og komponist.

Liv og virke Orr var fødd i Brechin, og blei utdanna ved Loretto School. Han studerte orgel ved Royal College of Music i London under Walter Galpin Alcock, og piano med Arthur Benjamin.Griffiths, Paul. 'Orr, Robin [Robert] (Kemsley)' in Grove Music Online Deretter fortsette han studiane sine ved Pembroke College, Cambridge under Cyril Rootham. Etter å ha studert med Alfredo Casella og Nadia Boulanger i Paris, vendte han tilbake til Cambridge i 1938 som organist ved St John's College, der han etterfølgde Rootham. Medan han tenestegjorde i Royal Air Force under andre verdskrigen sat Herbert Howells i stillinga for han.

Etter andre verdskrigen blei han førelesar ved Cambridge og professor ved Royal College of Music, og deretter Gardiner Professor of Music ved Glasgow University frå 1956 til 1965. I Glasgow arbeidde han saman med Alexander Gibson for å starta samtidsmusikkfestivalen Musica Viva, og promotera arbeidet til Stockhausen, Schönberg, Stravinskij, Iain Hamilton, Thea Musgrave og Orr sjølv.Wilson, Conrad. Alex: The Authorised Biography of Sir Alexander Gibson (1993) Gibson bad òg Orr om å hjelpa han med å skipa Scottish Opera i 1960, og Orr var formann frå 1962 fram til 1976.

Han vende tilbake til Cambridge i 1965 som professor i musikk, ei stilling han hadde til han pensjonerte i 1976.Kemp, Ian. 'Robin Orr at 90', in The Musical Times, Spring 1990, pp. 11-17 Han blei utnemnd til CBE i 1972.Obituary, Daily Telegraph, 15 May 2006

Robin Orr gifta seg med Margaret Mace, ei dotter av egyptologen Arthur Cruttenden Mace, i desember 1937. Dei fekk tre born.McLeod, John. 'Orr, Robert Kemsley [Robin]' in The Oxford Dictionary of National Biography I 1979 skilde dei seg, og Orr gifta seg opp att, med Doris Winny-Meyer.WorldCat Han gav ut sjølvbiografien Musical Chairs i 1999.Obituary, The Times, 17 April 2006

Musikk Ouverturen The Prospect of Whitby (med namn etter ein historisk pub i London) fekk noko merksemd i 1948. Men det var Symphony in One Movement (1960-63), som fyrst blei halden fram av Norman Del Mar og BBC Scottish Orchestra, men snart teken opp og spelt inn av Royal Scottish National Orchestra under Alexander Gibson, som sette Orr på kartet som komponist.Fricker, Simpson, Orr Symphonies, reviewed at MusicWeb International Gibson dirigerte verket ved BBC Proms i 1966.BBC Proms archive, 8 August 1966 Han skreiv to andre symfoniar (1970 og 1978), også desse ein-sats-verk. Han skreiv tre operaer: Full Circle (tinga av Scottish Television for Scottish Opera i 1968),Full Circle, Faber Music Hermiston (Edinburgh Festival, 1975) Hermiston, Opera Scotland og den komiske On the Razzle (1988), basert på eit skodespel av Tom Stoppard.On the Razzle, Wise MusicCole, Hugo. 'Orr, Robin' in Grove Music Online (Opera)Griffiths, Paul. 'Orr, Robin [Robert] (Kemsley)' in Grove Music Online Orr stod òg for betydelege bidrag til anglikansk kyrkjemusikk, mykje av det for St John's College. Eit av desse som kan nemnast er «Come and let yourselves be built» (1961).McLeod, John. 'Orr, Robert Kemsley [Robin]' in The Oxford Dictionary of National BiographyMusic and Letters, Volume 45 No 1, January 1964, p 90–91

Ein CD med orkestermusikken hans, inkludert Italian Overture (1952), From the Book of Philip Sparrow for sopranar og strengeinstrument med dikt av John Skelton (1969), Rhapsody for strykeorkester (1958) og Journeys and Places for sopran og orkester med dikt av Edwin Muir (1971) kom ut i 2000 for å markera 90-årsdagen til komponisten.Robin Orr, Orchestral Works, reviewed at MusicWeb InternationalKemp, Ian. 'Robin Orr at 90: Age of Gold' in Musical Times No 1866, Spring 1999, p 11-17 Ein annan CD med kammermusikken hans, inkludert den historiske innspelinga av Sonatina for Violin and Piano av Max Rostal i 1948, og andre arkivinnspelingar av Violin Sonata (1947), Serenade for String Trio (1948, rev. 1989) og Duo for Violin and Cello in one movement (1953, rev. 1965), blei gjeven ut til hundreårsdagen hans i 2009.Robin Orr, Centenary Tribute, reviewed at MusicWeb International

Sinfonietta Helvetica (1990) var det siste orkesterverket hans. Han skreiv det i Sveits, der han hadde eit hus nær Klosters, for å markera 700-årsjubileet til den sveitsiske konføderasjonen.McLeod, John. 'Orr, Robert Kemsley [Robin]' in The Oxford Dictionary of National Biography Verket blei uroppført i Glasgow Royal Concert Hall den 6. desember 1991 av BBC Scottish Symphony Orchestra, dirigert av Feodor Glushchenko.Radio Times, issue 3545, 21 November 1991, p 104

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Robin Orr» frå , den 20. februar 2024.

Kategori:Elevar ved Royal College of Music Kategori:Skotske komponistar Kategori:Britiske organistar