Netiporn Sanesangkhom () var ein framståande thailandsk demokratiaktivist. Ho var elev ved Triam Udom Suksa vidaregåande skule i Bangkok, der ho var medlem av elevrådet. Ho var medlem av den thailandske kvinneaktivistgruppa Taluwang, og vart dømt til fengsel for majestetskrenking for å ha gjennomført ei meiningsmåling på kjøpesenteret Siam Paragon under demonstrasjonane i Thailand den 8. februar 2022. Ho byrja ein sveltestreik i fengselet saman med medaktivisten Nutthanit Duangmusit i protest mot å ha vorte varetektsfengsla, og kollapsa under eit vitneavhøyr på grunn av sterke magesmerter og trøyttleik. Ho vart likevel nekta kausjon trass i å ha vorte send til sjukehus etter å ha sveltestreika i nesten 50 dagar.

Ho vart lauslaten mot kausjon den 4. august 2022, men den 31. januar 2024 vart kausjonen hennar trekt tilbake, og ho vart arrestert. Samtidig vart også Thailands yngste dømde person for majestetsfornærming arrestert, ei då 14 år gammal jente med kallenamnet «Yok», som Netiporn var støttespelar for. Ifølgje straffedomstolen vart ho dømd for å ha brote vilkåra for kausjonen då ho deltok i ein demonstrasjon ved det thailandske kulturdepartementet den 6. august 2023.

Netiporn byrja ifølgje Thai Lawyers for Human Rights ein ny sveltestreik i fengselet den 27. januar 2024. Ho vart send til fengselssjukehuset tysdag 8. februar, den 11. dagen av sveltestreiken. Ho hadde symptom på hepatitt og urinvegsinfeksjon, og var for svak til å gå. Den 26. februar 2024 vart ho på ny send til fengselssjukehuset etter å ha hosta blod i tre dagar. Ho gav då for første gong samtykke til avgrensa behandling i og med at ho hadde hosta opp mykje blod. Ho vart behandla intravenøst med brekkingsdempande og syrenøytraliserande medisinar. Ei oppdatering frå Thai Lawyers for Human Rights den 29. februar 2024 melde at ho heldt fram med å kasta opp blod. Blodet vart lysare og lysare for kvar dag. Ho hadde sterke magesmerter, kunne knapt gå, og hadde problem med å skilje drøymar frå røyndom.

Netiporn døydde ifølgje den thailandske avisa Matichon, og dessutan ei fråsegn gitt av medaktivisten Nutthanit Duangmusit og fleire, klokka 11:22 om morgonen den 14. mai 2024. Ifølgje den thailandske nettavisa Khaosod Online døydde ho av hjartestans, og vart freista gjenoppliva med hjarte- og lungeredning. Fengselsbetjentar fortalde at sveltestreiken hadde gjort henne svekt og anemisk, og det thailandske departementet for kriminalomsorg uttalte at ho hadde nekta å ta imot vitamin og elektrolyttar. Netiporns legejournal frå fengselssjukehuset viste ifølgje Prachatai English, den engelskspråklege utgåva av den thailandske nettavisa Prachatai, at Netiporn hadde reernæringssyndrom (engelsk: refeeding syndrome) Det stod også i journalen at ho vart send til røntgenundersøking av thorax og CT-skanning av hjernen medan hjarte- og lungeredninga (HLR) vart utført. Familien hennar sette spørsmålsteikn ved om HLR vart avbroten då desse testane vart utførte. Journalen frå Thammasat universitetssjukehus, dit Netiporn vart overført og seinare erklært død, sa at ho ikkje hadde nokon livsteikn då ho kom. Den sa også at ein trakealtube hadde vorte feilplassert i matrøyret hennar i staden for luftrøyret. I dødsattesten stod det at ho døydde av hjartesvikt og kveling, medan obduksjonen konkluderte med at dødsårsaka var akutt hjartesvikt, elektrolyttubalanse og kardiomegali (forstørra hjarte).

Reaksjonar Den engelskspråklege thailandske nettavisa Thai Enquirer skreiv i ein artikkel etter dødsfallet at samfunnet måtte ta lærdom av Hannah Arendts analyse av Adolf Eichmann. Avisa skreiv at

«akkurat som Eichmann forsvarte handlingane sine ved å hevde at han berre heldt seg til sin tids juridiske rammeverk, står også vi overfor eit avgjerande val: å stille spørsmål eller å innordne oss. Rammeverket som tillét (Netiporns) fengsling og etterfølgjande død eksisterer, men det er det moralske imperativet vårt å utfordre det.»

Utmerkelser Nettavisen Prachatai utnemnde henne, etter sin død, til årets person 2024 for å ha spelt ei viktig rolle i sosial og politisk forandring.

Minnemarkeringar og krav om etterforsking Under ein av mange minnemarkeringar for Netiporn (og andre offer for Thailands straffelov paragraf 112), den 14. mars 2025 utanfor straffedomstolen ved Ratchadapisek road i Bangkok, uttalte medaktivist Tantawan Tuatulanon, i samband med at det var ti månader etter at Netiporn gjekk bort, at

«førre gong, den 3. mars, hadde vi faktisk ein avtale med Thanyaburi provinsdomstol om å etterforske dødsfallet. Likevel vart det funne ut at ingen dokument var utarbeidde. Dette har medført ei utsetjing til 8. april 2025. Eg vil gjerne at alle følgjer nøye med på om Kriminalbyrået sender dokumenta eller ikkje. Vil dei heller halde fram med å trenere saka slik?»

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Thailandske aktivistar