Noa Kirel () er ein israelsk songar, skodespelar og programleiar. Ho blir rekna for som ei av dei største popstjernene i Israel. Kirel slapp debutsingelen «Medabrim» i 2015 og har sidan gjeve ut ei rekkje låtar med stor suksess. Den fyrste engelskspråklege singelen hennar, «Drum», blei gjeven ut i 2019.
Kirel har vunne MTV Europe Music Awards for beste israelske artist kvart år frå 2017 til 2021, og ho representerte Israel i Eurovision Song Contest 2023 med låten «Unicorn».
Bakgrunn Kirel blei fødd som Noya Kirel i Ra’anana av israelsk-fødde foreldre med askenasisk (austerriksk-jødisk) og sefardisk (marokkansk-jødisk) bakgrunn. Ho er den yngste av tre sysken. Som 14-åring i 2015 slapp ho låten «Medabrim» (snakkar) og same år fekk ho stor merksemd med «Killer». Låten blei av mange israelarar sett på som provoserande, men han fekk raskt over 10 millionar framsyningar på YouTube, og han danna starten på den suksessrike musikkarrieren til Kirel. I 2018 blei ho den yngste dommaren på det israelske talentshowet Israel's Got Talent. I 2021 skreiv ho kontrakt med Atlantic Records, og gav ut songar som «Please Don’t Suck» og «Thought About That» som var retta mot den USA-amerikanske marknaden.
I mars 2020 byrja Kirel fyrstegongstenesta i det israelske forsvaret (IDF). Der tenestegjorde ho i eit militærband fram til ho dimitterte i februar 2022. I juli same år kunngjorde den israelske kringkastaren Kan at dei hadde vald Kirel til å representere Israel i Eurovision Song Contest 2023. Der deltok ho med låten «Unicorn» og enda på tredjeplass, den beste plasseringa til Israel sidan sigeren i 2018.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Noa Kirel» frå , den 1. mars 2024.
Kategori:Israelske songarar Kategori:Israelske låtskrivarar Kategori:Israelske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Israelske Eurovision Song Contest-låtskrivarar Kategori:Eurovision Song Contest 2023-deltakarar