Marju Lauristin () er ein estisk politikar og mediesosiolog. Ho var blant leiarane i Folkefronten, som medvirka til den estiske lausrivinga frå Sovjetunionen under den syngande revolusjonen. Lauristin har vore medlem av både den estiske riksdagen og Europaparlamentet, som representant for Det sosialdemokratiske partiet.
Liv og virke Lauristin er dotter av to ekskluderte kommunistar, Johannes og Olga Lauristin. Faren døydde mens ho var spedbarn, moglegvis myrda av NKVD. Moren gifta seg på ny med kommunisten Hendrik Allik, som blei ekskludert og send i Gulag-leir. Marju Lauristin vaks for det meste opp i Tallinn saman med mora og sin seks år yngre halvbror Jaak Allik.
Lauristin studerte journalistikk og sosiologi ved Statsuniversitetet i Tartu og Statsuniversitetet i Moskva og tok doktorgraden i 1976. Ho var med på å byggje opp eit forskingsmiljø for mediesosiologi i Tartu, men hadde avgrensande moglegheiter til å samarbeide med utanlandske forskarar i sovjettida. Ho blei professor i 1995 og emeriterte i 2021, over 80 år gammal.
Lauristin var medlem av Sovjetunionens kommunistiske parti, men tok tidleg avstand frå den doktrinære kommunismen. I 1980 var Lauristin blant dei 80 estiske intellektuelle som underteikna ein protest mot russifiseringspolitikken i Den estiske sosialistiske sovjetrepublikken. I 1988 stilte ho seg, saman med Edgar Savisaar, i spissen for å danne Folkefronten. Dei ønskte eigentleg å reformere kommunistpartiet innanfrå, men utvikla seg til ei demokratisk opposisjonsrørsle.
Ved dei delvis frie vala i 1989 blei Lauristin vald inn i Sovjetunionens folkekongress, og i 1990 blei ho vald inn i Det øvste sovjet i Den estiske sosialistiske sovjetrepublikken, som straks vedtok ein overgangsperiode til nasjonalt og demokratisk styre. Frå 1992 til 1994 var Lauristin sosialminister i den fyrste parlamentariske regjeringa i det uavhengige Estland. Ho var medlem av den estiske riksdagen i periodane 1992–1995 og 1999–2003.
Frå 2014 til 2017 var Lauristin medlem av Europaparlamentet. Ho var nestleiar i den sosialdemokratiske parlamentsgruppa (S&D).
Referansar
Denne artikkelen bygger på «Marju Lauristin» frå , den 3. mars 2024.
Kategori:Estiske politikarar