høgre|mini|«Tsuchigumo» frå Konjaku Gazu Zoku Hyakki av Sekien Toriyama. mini|Tsuchigumo frå Bakemono no e-rullen, no ved Brigham Young University.
, bokstaveleg omsett ‘jordedderkopp’, er ein historisk japansk nedverdigande term for opprørske lokale klanar, og dessutan namnet på ein type av edderkopp-liknande yōkai i japansk folklore.
Kjempeedderkoppen opptredde fyrst som ein oni-aktig i litterære verk frå mellomalderen. Det mest representative av desse verka er Soga om Heike, (Heike Monogatari), som blei samla i fyrste halvdel av 1200-talet, der vesenet opptrer under namnet . Forma til ein utvikla seg til å bli meir bisarr med tida. I emakimonoen Tsuchigumo Sōshi frå 1300-talet er ein tsuchigumo skildra som ein kjempe-yōkai på 60 meter, og då han blei drepen kom hovud ut av magen hans. Minamoto no Yorimitsu og Watanabe no Tsuna, som var med på å nedkjempa tsuchigumoen i desse sogene, er japanske sogeheltar som også opptrer i soga om den mektige onien . Tsuchigumoar opptrer også som yōkaiar i verka innan no-, jōruri og kabuki-tradisjonane.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Tsuchigumo» frå , den 8. mars 2024.
Kategori:Mytologiske edderkoppar Kategori:Artiklar med tekst på japansk Kategori:Japansk folkeminne