Marit Kolby () er ein norsk ernæringsbiolog, høgskolelektor og forfattar. Ho er blant anna kjend for sine fagbøker, spesielt den bestseljande debutboka Hva og når skal vi spise (2022), og er høgskolelektor ved Oslo Nye Høyskole.
Virke Kolby er høgskolelektor og forskar ved Oslo Nye Høyskole. Ho har gjeve ut to bøker – ei kokebok og ei ernæringsfagbok – gjennom Frisk forlag, og driv ellers bloggen Matlyst! og ein Instagram-profil. Innan ernæring kritiserer ho blant anna ultraprosessert mat.
Kolby har tidlegare jobba med sal og administrasjon i i kleskjeda Vero Moda.
Privatliv Kolby er fødd 30. september 1975. Ho har to barn. Systera Hanne Fisher er psykolog, og dei samarbeidde om den andre bokutgjevinga til Kolby, Kokeboka – hva skal vi spise?.
Utdanninga til Kolby inkluderer ein bachelorgrad i matvitskap frå Noregs miljø- og biovitskaplege universitet og ein mastergrad i ernæringsbiologi frå Universitetet i Oslo.
Bibliografi Kokeboka – hva skal vi spise? (Frisk forlag, 2023) – med Hanne Fisher Hva og når skal vi spise? (Frisk forlag, 2022)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Marit Kolby» frå , den 9. mars 2024.
Bakgrunnsstoff Forfattarprofil hos Frisk forlag Forfattarprofil hos Norli
Kategori:Norske lektorar Kategori:Norske forskarar Kategori:Norske biologar Kategori:Norske sakprosaforfattarar Kategori:Norske bloggarar