Kirsten Brosbøl () er ein dansk sosialdemokratisk politiker. Ho var medlem av Folketinget 2005–2019 og miljøvernminister i Danmark i 2014–2015.

Liv og virke Brosbøl vaks opp i Odder som dotter av muraren og skomakaren Lars Peter Brosbøl og sjukepleiaren Bente Skødt Jensen. Ho gjekk amtsgymnaset i Odder og tok mastergrad i freds- og konfliktstudium ved University of Sussex i 2003 og kandidatgraden i statsvitskap ved Roskilde Universitetscenter i 2005.

Brosbøl var praktikant og rådgjevar for dei danske sosialdemokratane i Folketinget og Europaparlamentet 2001–2005. I 2005 blei ho vald inn i Folketinget frå Århus amtskrins, som etter strukturreformen i 2007 inngjekk i Østjylland storkrins. Ho har vore Socialdemokratiet sin ordførar for forsking og høgare utdanning, matvarer og likestilling. Ho har vore medlem av den parlamentariske forsamlinga til Europarådet. Ho tilhøyrer krinsen rundt Mette Frederiksen. Hüseyin Arac møtte som varamedlem av Folketinget då Brosbøl var i barselspermisjon i 2010–2011. Brosbøl var miljøvernminister i den andre regjeringa til Helle Thorning-Schmidt 2014–2015. I 2017 sa ho frå seg attval ved neste folketingsval.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Kirsten Brosbøl» frå , den 11. mars 2024.

Kategori:Danske statsvitarar Kategori:Danske miljøvernministrar Kategori:Socialdemokratiet-ministrar Kategori:Folketingsmedlemmar frå Socialdemokratiet Kategori:Folk frå Odder