Inga Bjørnson () var ein norsk teatersjef som i mange tiår dreiv det fyrste barneteateret i Noreg. Ho dreiv også med sosialt hjelpearbeid og gjorde ein stor innsats for dei gamle.

Barneteater og velgjerdsarbeid Inga Bjørnsons Barneteater Bjørnson etablerte i 1920 Inga Bjørnsons Barneteater i Oslo (då Kristiania), som ho leia i mange år. Dette var det fyrste barneteateret i Norden, kanskje i heile Europa, og Inga Bjørnson leia teateret i over 30 år. Avkastninga av billettinntektene frå verksemda til barneteateret blei gitt til hjelpefondet «Ut i solen».

«Ut i solen» og Solstua I 1930 blei det reist eit tømmerhus på Hvalstad i Asker som til å byrje med blei brukt av pedagogen Anna Sethne. Det var det sosialt engasjerte kunstnarekteparet Otto og Tilla Valstad som hadde skaffa tømmerstua frå Gausdal. Inga Bjørnson var på den tida djupt engasjert i å bidra til betre kår for dei eldste og fattigaste innbyggjarane på austkanten og den indre bykjerna av Oslo, og meinte dei både hadde behov for ljos og luft ute på landet, og for næringsrik kost. I 1935 eller 1936 arrangerte ho den første utflukta til Solstua i Asker for ei gruppe eldre, fattige Osloborgarar. Ho etablerte etter kvart eit eige fond som ho kalla «Ut i solen», og i 1938 gav ekteparet Valstad tømmerhuset på Hvalstad i gåve til Inga Bjørnsons hjelpefond. Heilt fram til 1948 eller 1949 – også under andre verdskrigen – fortsette Inga Bjørnson og hjelpefondet hennar å tilby rekreasjonsturar til Solstua for eldre menneske frå dei fattigaste strøka i Oslo.

Familie Inga Bjørnson var dotter av byfogden Peter Elias Bjørnson og Laura Mathilde Riiser Larsen, brordotter av diktarhøvdingen Bjørnstjerne Bjørnson og sonedotter av presten Peder Bjørnson. Ho var syster av skodespelaren Aagot Bjørnson og kusine av admiral Hjalmar Riiser-Larsen. Ho var gift to gongar: 1892–1900 med målaren Eyolf Soot, som ho fekk dottera Ingeborg med, og 1900–1909 med skodespelaren Harald Stormoen, som ho fekk dottera Guri med.

Bibliografi 1950: 30 år med barneteatret

Minnesmerke Inga Bjørnsons vei i Oslo har fått namn etter Bjørnson.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Inga Bjørnson» frå , den 16. mars 2024.

Bakgrunnsstoff Inga Bjørnson i Store norske leksikon Inga Bjørnson i Norsk biografisk leksikon

Kategori:Norske teatersjefar Kategori:Folk frå Oslo Kategori:Norske velgjerarar