Johanne Marie «Nanna» Meyer () var ein norsk jurist, og ein av dei fyrste kvinnelege juristane i Noreg. Som saksbehandlar og byråsjef i lovavdelinga i Justisdepartementet mellom 1903 og 1928 var ho sentral i ei rekkje reformer i Noreg. Ho var blant dei fyrste kvinnelege embetsfolka i Noreg.
Virke Meyer var syster av Ludvig Meyer som også blei jurist. Ho tok eksamen i 1880 frå «Guvernanteskolen» ved Nissens Pikeskole, den høgaste utdanninga som var open for kvinner på den tida. Frå 1881 arbeidde ho i elleve år som lærar ved Frk. Falsens Pigeskole. I 1892 tok ho examen artium, som ei av dei fyrste kvinnene, og i 1901 blei ho utdanna jurist. Frå 1903 til 1928 arbeidde ho i lovavdelinga i Justisdepartementet. Ho var involvert i ei rekkje lovendringar, som dei Castbergske barnelovene 1915 og Ektefellelova av 1927, og er særleg kjend for si sentrale rolle då kvinner fekk tilgang til embete i staten i 1912. I 1916 blei ho sjølv del av embetsverket då ho blei byråsjef i lovavdelinga. Nanna Meyer sokna politisk til Høgre.Nanna Meyer i NBL Ho var medlem i Norsk Kvinnesaksforening.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Nanna Meyer» frå , den 17. mars 2024.
Kategori:Norske juristar Kategori:Norske embets- og tenestefolk Kategori:Medlemmar av Norsk Kvinnesaksforening