Herdis Holmboe () var ein norsk pedagog og leiar i Norges Lærerinneforbund.
Bakgrunn Holmboe vaks opp på Rotvoll utanfor Trondheim, der faren Michael Holmboe (1852–1918) var lege ved Rotvold Sinnsykeasyl. Mora heitte Eleanore Vogt (1857–1901). Broren Jens Holmboe (1880–1943) blei botanikar og Fredrik Vogt Holmboe (1886–1954) veterinær og insektsforskar. I 1893 blei faren medisinaldirektør og Herdis måtte flytte til Kristiania.
Utdanning og karriere Etter å ha gjennomført Kristiania Privatseminar (Kristiania Lærerskole) i 1901 jobba Holmboe for Vålerenga skole fram til ho pensjonerte seg i 1947, fyrst med folkeskule, dernest i den kommunale framhaldsskulen for jenter. Skulen var blitt skipa i 1895, så frå 1934 til 1947 var ho overlærar og rektor for skulen. Under den andre verdskrigen organiserte ho undervisinga i private heimar. Rannveig Aannerud (1899–1988) overtok rektorvervet frå Holmboe.
Frå 1929 var Holmboe forretningsførar i Norges Lærerinneforbund. Ho overtok i 1938 leiarvervet der etter Anna Sethne (1872–1961) og hadde vervet fram til 1946,Dødsfald, nekrolog i Aftenposten den 29. november 1967. noko forbundet gav henne æresmedlemsskap for.Herdis Holmboe fra Strinda Historielag. Holmboe var også nestformann i det nordiske lærarinneforbundet. I 1947 mottok ho Kongens fortenestemedalje i gull i 1947.Kongens fortjenstmedalje i gull i VG den 5. mai 1947.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Herdis Holmboe» frå , den 1i. mars 2024.
Litteratur
Kategori:Norske pedagogar Kategori:Norske rektorar Kategori:Kongens fortenestmedalje i gull Kategori:Folk frå Trondheim