Trine Skymoen () er ein norsk diplomat. Ho har vore norsk ambassadør til Slovakia, Sør-Afrika og frå 2020 til Ungarn.
Karriere Skymoen er utdanna cand.polit. i statsvitskap med hovudfag i administrasjon og organisasjonsvitskap frå Universitetet i Bergen. Etter endt utdanning byrja ho i 1986 som aspirant i Utanriksdepartementet.«Aspiranter til UD», Aftenposten, 23. juni 1986, s. 10.
Skymoen hadde si fyrste utanlandsstasjonering i Elfenbeinskysten (1988–1991) og var deretter ved den norske delegasjonen til SN i New York (1991–1994). Frå 1994 til 1996 var Skymoen chargé d'affaires ad interim ved den norske ambassaden i Beograd i det som då var Den føderale republikken Jugoslavia. Skymoen var deretter frå 1996 tilbake i Oslo som rådgjevar i departementet før ho i 1998 blei utnemnd til ambassaderåd ved Den norske delegasjonen til OSSE i Wien. Ho blei i 2001 forfremma til ministerråd same stad.Offisielt fra statsråd, regjeringen.no, 2. mars 2001. Frå 2003 til 2005 var ho seniorrådgjevar ved Statsministerens kontor, frå 2005 til 2008 var ho i leiinga for avdelinga for tryggleiksspolitikk og nordområda i Utanriksdepartementet og 2008 til 2009 var hun seniorrådgjevar i avdelinga for SN og globale spørsmål. I 2008 gjennomgjekk ho Forsvarets høgskole.
Skymoen blei i 2009 utnemnd til norsk ambassadør i Bratislava i Slovakia.Offisielt fra statsråd 6. mars 2009, regjeringen.no. Etter ein periode som fagdirektør, blei Skymoen i juni 2014 utnemnd til ambassadør i Sør-Afrika.Offisielt frå statsrådet 20. juni 2014, regjeringen.no Lest 23. november 2014. I november 2014 følgde sideakkreditering til Botswana.Offisielt frå statsrådet 14. november 2014, regjeringen.no Lest 23. november 2014. Ho hadde også ansvar for Lesotho, Madagaskar og Namibia.Norges ambassadører, regjeringen.no Lest 23. november 2014.
Etter ein periode som seniorrådgjevar, blei Skymoen i april 2020 utnemnd til ambassadør i Ungarn.
Utmerkingar I 2010 utnemnde kong Harald V 2010 Skymoen til riddar av 1. klasse av Den Kongelege Norske Fortenesteordenen «for embetsforteneste».Tildeling av ordener og medaljer: Søk i arkivet, kongehuset.no.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Trine Skymoen» frå , den 19. mars 2024.
Bakgrunnsstoff Curriculum Vitae of the Ambassador , Den norske ambassaden i Slovakia.
Kategori:Norske statsvitarar Kategori:Norske diplomatar Kategori:Norske ambassadørar Kategori:Norske ambassadørar til Botswana Kategori:Norske ambassadørar til Lesotho Kategori:Norske ambassadørar til Madagaskar Kategori:Norske ambassadørar til Namibia Kategori:Norske ambassadørar til Slovakia Kategori:Norske ambassadørar til Sør-Afrika Kategori:Norske ambassadørar til Ungarn Kategori:Den Kongelege Norske Fortenesteorden Kategori:Elevar ved Universitetet i Bergen Kategori:Folk frå Skodje