Sylvanie Burton () er ein dominikisk politikar som blei president i den karibiske øystaten Dominica frå 2. oktober 2023, etter at ho fekk 20 av 25 røyster i det indirekte presidentvalet i september 2023. Ho blei dermed den fyrste kvinnelege presidenten i landet, og også den fyrste som frå urfolket karibarane.

Karriere Burton har mastergrad i prosjektleiing frå University of Manchester og bachelorgrad i bygdeutvikling frå St. Francis Xavier University i Nova Scotia i Canada. Ho har vore statssekretær i fleire departement sidan 2014.

Presidentvalet i 2023 Den dominikiske presidenten blir vald i indirekte val for fem år. Ingen kan sitje meir enn to periodar, og den tidlegare presidenten kunne difor ikkje stille til val på nytt. Burton representerer Dominica Labour Party (DLP) og blei nominert av statsminister . Opposisjonen avslo å støtte Burton og nominerte som sin kandidat. Burton blei vald med 20 mot 5 røyster. Valet hende 27. september 2023 og innsetjinga var 2. oktober.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Sylvanie Burton» frå , den 22. mars 2024.

Kategori:Dominikiske presidentar Kategori:Første kvinnelege stats- og regjeringsleiarar