Hege Hertzberg () er ein norsk diplomat, ambassadør og tidlegare politikar i Venstre.
Liv og virke Hertzberg er utdanna ernæringsfysiolog.
Ho var leiar i Unge Venstre i perioden 1985–1986, og stod på stortingslista til Akershus Venstre i 1981. Tida hennar som leiar i Unge Venstre var prega av harde kampar i organisasjonen med å sameine økologi og miljøvern med den liberale ideologien.
Hertzberg var utviklingspolitisk direktør i Utanriksdepartementet.Bistandsstrategen, portrettintervju med Hertzberg i Bistandsaktuelt. Ho var ambassadør i Ghana frå 2013, og blei sideakkreditert til Liberia, Senegal, Sierra Leone, Gambia og Mali i 2013, Guinea og Gambia i 2014 og frå 2015 til Burkina Faso.Offisielt fra statsråd 1. november 2013Offisielt frå statsrådet 23. august 2013Offisielt frå statsrådet 22. november 2013Offisielt fra statsråd 29. november 2013Offisielt fra statsråd 13. desember 2013Offisielt frå statsrådet 21. mars 2014
Mellom 2017 og 2019 var ho direktør for Fredskorpset. I 2019 blei ho utnemnd til assisterande utanriksråd i UD.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Hege Hertzberg» frå , den 23. mars 2024.
Kategori:Norske politikarar Kategori:Norske diplomatar Kategori:Norske ambassadørar Kategori:Norske ambassadørar til Burkina Faso Kategori:Norske ambassadørar til Gambia Kategori:Norske ambassadørar til Ghana Kategori:Norske ambassadørar til Guinea Kategori:Norske ambassadørar til Liberia Kategori:Norske ambassadørar til Mali Kategori:Norske ambassadørar til Senegal Kategori:Norske ambassadørar til Sierra Leone Kategori:Norske fysiologar Kategori:Leiarar i Unge Venstre Kategori:Folk frå Bærum